Vats
fjellkyrkje ligg nær Rødungen i Vats i Ål
prestegjeld. Tomta er ei gåve frå Ola og Torleiv Lappegard. Avdøde
Helga Løken gav ein sum av pengar til bygging av fjellkyrkja.. Arkitekt er Elisabeth Fidjestøl,
byggmeister Birger Grøthe og byggeleiar tidlegare
prost Leif Einarsen. Mykje av arbeidet med å reise
kyrkja er gjort på dugnad.
Vats fjellkyrkje vart
vigsla av biskop Håkon E. Andersen 23. sept. 1990.
Kyrkja er i bruk juleaftan, i vintersesongen, i påskehelga
og fleire månader om sommaren/hausten både med
gudstenester, andaktar, vigslar, helgesamlingar med overnatting
o.l.
(Kilde: Magny Folkedal,
sekr. på Ål kyrkjekontor)