|
"Hol gamle kirke fylder akkurat sin plads i dalsenkningen
som prikken over i-et" skreiv riksantikvar Harry Fett
i 1916. Den vesle, brunsvidde kyrkja har vore det sentrale
bygget i Holsbygda sidan tidleg på 1200 talet, og har
alltid hatt ein heilt spesiell plass hjå alle holingar.
I følgje tradisjonen er dette den 3. kyrkja som er
reist i bygda. Den eldste sto i Kyrudalen ("kyrkjedalen")
og vart teken av jordras, den andre sto ved Tingvoll like vest
for noverande Hol kyrkje.
Gamlekyrkja slik den ligg i dag er ei kyrkje som er bygd ut
fleire gonger ettersom folketalet i bygdene auka. Apsis i aust
er det som er att av den opprinnelege stavkyrkja frå om
lag år 1200. Seinare foregjekk det utbyggingar på 1500
talet, 1697 og 1799 då den fekk den forma den har i
dag.
Eit større restaureringsarbeid vart gjennomført
under leiing av arkitekt Halvor Vreim frå 1938 og avlsutta
med at steinmurane vart mura opp att under leiing av Ola Grostølen
i 1953/54. (Han var då 86 år gamal).
Kyrkja hadde tidlegare tak av spon, men i åra 1838-40
vart det lagt det helletaket som den har i dag. Det var også svalgangar
på kyrkja inntil 1697, dei vart rivi i samband med utvidinga
av kyrkja. Same året vart også det våpenhuset
(inngangspartiet) kyrkja har i dag bygd.
Låsen i utgangsdøra er laga av låssmeden
Svein Torgerison erset (f. 1788). Golvet i kyrkja består
stort sett av stavar frå den gamle stavkyrkjedelen.
Kirkerommet
Interiørmessig er det lite som minner om at du er i
ei middelalderkyrkje. Det skuldast delvis alle ombyggingane,
delvis at mykje av det som framleis fins av middelalderinteriør,
er samla i Universitets oldsaksamling.
Men vi finn i alle fall ei klokke frå middelalderen,
ei kiste og ein stolpe med treskurd som er plassert ved alteret.
Preikestolen er frå 1697 og kosta i si tid 14 riksdaler.
Den hadde opprinneleg ei vindeltrapp opp, men den vart borte
i samband med flyttinga av preikestolen over altaret i 1798-99.
Altertavla er frå 1703. Den vart gitt til kyrkja av
sogneprest Engelstrup og akantusfelta er sannsynlegvis skore
av bildehoggaren Hans Foed frå København. Med
denne kom barokken til Hol. Alterringen er sannsynlegvis frå 1798-99,
døypefonten frå 1697. Det var tidlegare flotte
benkar med utskjæringar i kyrkja, ein av dei er bevart
på UO. Det var 36 slike i kyrkja. Dei fremste i bygda
hadde sine spesielle stolar, og reister etter lensmannsstolen
er bevart på kyrkjeloftet. Alle stolar vart fjerna i
1882 og det vart sett inn nokre enkle stolar med open rygg.
Dei noverande benkane er sett inn i 1950.
På galleriet (ivilaupet) finn vi benkar frå 1882.
Galleriet vart bygd i 1697, men utvida til noverande storleik
i 1798-99.
Altertavlen
Alterduk med motivet livets tre og dei kloke og dei dårlege
jomfruene, 2 temmelig store messinglysestakar, eitt par store
trestakar frå 1703. Den noverande lysekrona er gitt av
sogneprest Hofgaard som tok med seg den som var der då han
flytte til Sigdal i 1801 - han var ikkje fornøgd med
løna han hadde fått!
Den opprinnelege var gitt til kyrkja i 1727. Av kyrkjeklokkene
så er den minste frå middelalderen, den andre
frå 1731.
Christian 4. bibel er gitt til kyrkja av tidlegare sokneprest
i Hol, Einar Høyer i 1939, og er frå 1632. Her
er også ei kiste frå middelalderen, flotte skåp
frå renessansen, to renessansestolar og ein barokkstol
for å nemne noko av det du kan sjå i kyrkja.
Spesielle hendingar/sermerke:
Urinrende: Maken til urinrenna på Hol gamle kyrkje fins
sikkert ikkje nokon stad i landet - kanskje ikkje i verda ellers
heller! I 1830-40 åra var det Stenersen som var sokneprest
her, og han var kjent som ein mat-og drikkeprest.
Tor Villand var ei tid kyrkjetenar under Stenersen, og Tor
var også glad i drikke. Det hende nok at naturen kravde
sitt under dei lange gudstenestene, og Tor Villand fekk Tor
Hago til å laga ei urinrende i 1841. Den løyste
problemet. Over renna står det skrivi:
Hør Prest og klokker her lad eders vand udrinde
Det helbred
skader vist at trenges hårdt dermed.
Til Eders gavn den rende er beredt.
Den
kaldes skal Tor Knudsen Willands minde"
(Skrevet i 1841 av Stenersen, sogneprest)
På urinrenda står det skrivi:
"Brukt 1.ste gang
3.die søndag trinitatis"
Branntilløpet:
Gamlekyrkja var utan fyring fram til 1879 då den første
omnen vart sett inn, den andre kom i 1893. Dei vart fjerna
i samband med restaureringa (1938-54).
Juledagen 1920 skulle det som vanleg vera høgtidsmesse,
og Ådne Halingstad, som var kyrkjetenar sytte for fyringa
frå tidleg morgon slik at kyrkja vart varm til messa
tok til.
Det var ein svært kald juledag, og Ådne måtte
fyre hardt for å få varmen i kyrkja.
Omnsrøyra gjekk rett gjennom taket, og midt under messa
merka Ådne at det hadde begynt å brenne i taket. Ådne
var ein svært lettført kar, og han reagerte med
eingong med å springe opp i kyrkjetårnet, kaste
seg ut gluggen og reiv opp hellene og spona rundt det glovarme
røyret.
Det var skikkeleg fyr, og Ådne kasta på snø og
tok av seg jakka for å kvele elden. Det var mykje snø på taket,
og elden vart sløkt. Ådne Halingstad redda gamlekyrkja.
Han fekk øydelagt både klede og skor, men ein
søknad til Hol kommunestyre om å få erstatta
dette, vart avslegen (det dreide som om 25 kr).
Beløpet vart betalt noko seinare.
(Kilde: hol.kirker.net) |