Kven trur du at du er?
I forbindelse med Forskingsdagene kommer det et spennende foredrag på Høgskolen i Volda 28.09.2011:
Om å forske på slekta i vår virtuelle alder
Hovudtittelen på foredraget er henta frå NRKs TV-serie som vinteren 2011 vart ein sjåarsuksess.
Den stadfesta at slekta er noko særs mange av oss framleis er interessert i, sjølv etter eit drygt hundreår med urbanisering, modernisering og individualisering.
I foredraget sitt vil Arnfinn Kjelland ta utgangspunkt i den formidable revolusjonen som publisering av dei viktigaste kjeldene på Internett har ført med seg. Kva betyr det for slekts-forskarar at kyrkjebøker, folketeljingar, dødsbuskifte, rettsprotokollar m.m. no er gratis tilgjengelege for alle gjennom Digitalarkivet?
Kjelland vil også snakke om korleis dei ulike kjeldene på nettet kan brukast, og korleis ein kan løyse nokre vanlege problem ein kan støyte bort i. Etter foredraget blir det høve til å prøve seg fram med søk i slektshistoriske kjelder på Internett.
- Logg på for å skrive kommentarer





