DIS-Norge
 
  English Norsk  

Notat til evaluering av Slekts- og lokalhistoriske dager i Bergen 2000

1. Innleiing

I brev 23. mai 1998 tok Tore H. Vigerust initiativ til å få arrangert eit slekts- og lokalhistorisk arrangement i Bergen i samband med Kulturby Bergen 2000. Arrangementet var eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Slektshistorisk Forening (NSF) og DIS-Hordaland (DH), og vart gjennomført i Kulturhuset Støpeskjeen, Fabrikkgaten 6, Bergen den 16.-17. september 2000. Dette notatet er laga for å dokumentera ulike aspekt ved arrangementet, samt for å gje grunnlag for erfaringar til seinare tilsvarande arrangement.

Av ymse årsaker har det vore vanskeleg å få samla arrangementskomitéen til møte før i februar 2001, og difor er dette notatet ute i seinaste laget. Det seier vi oss lei for. Evalueringsmøte vart halde heime hjå Jo Rune Ugulen, Stølsvegen 42, 5200 Os den 28. februar 2001.

2. Generelt

Arrangementskomité har vore Jo Rune Ugulen og Tore Hermundsson Vigerust for NSF, og Einar Balle og Terje Emil Skrolsvik for DIS-Hordaland.

Kafeen vart under arrangementet driven av DIS-Hordaland, og den gjekk med eit lite overskot. Rekneskap for drifta fell utanfor arrangementets eige rekneskap.

2.1. Foredraga

Eit av hovudmomenta med arrangementet var å få i stand eit foredragsopplegg med interessante foredragshaldarar over eit vidt spekter innanfor temaet slekts- og lokalhistorie. I januar 2000 gjekk det ut forespørslar til Olaf Smedal, Ståle Dyrvik, Sverre Bagge, Jan Oldervoll, Ole Bjørn Darrud, Yngve Nedrebø, Knut Geelmuyden, Alf Christophersen og Stein Inge Håland. Dyrvik takka nokså umiddelbart nei, det same gjorde seinare Olaf Smedal. Knut Geelmuyden måtte sidan melda avbod av helsemessige grunnar. I staden vart Geir Atle Ersland kontakta og han takka ja. Tore H. Vigerust stilte også opp som foredragshaldar, og Lars Løberg steppa inn på kort varsel for Knut Geelmuyden. Ersland meldte diverre avbod kort tid før arrangementet skulle gjennomførast, men komitéen fekk inn Are S. Gustavsen som erstattar på svært kort varsel. Det gav til slutt denne foredragslista:

  • Alf Christophersen (Oslo/DIS-Norge): DIStreff
  • Ole Bjørn Darrud (Oslo): Kriterier for valg av slektsprogram
  • Tore H. Vigerust (Oslo): Borgere i Bergen på 1720-tallet
  • Sverre Bagge (Historisk institutt, UiB): Ætt og slekt i høymiddelalderen
  • Jan Oldervoll (Historisk institutt, UiB/Digitalarkivet): Digitalarkivet
  • Are S. Gustavsen (Bergen): Kvalitetssikring av slektsdata
  • Yngve Nedrebø (Statsarkivet i Bergen): Norsk utvandringshistorie
  • Lars Løberg (Oslo/NSF): Sosietetsnytt fra Bergen 14. august 1328

Alle foredraga var godt vitja, og det var tillaup til trengsel ved nokre av dei. Alt i alt vart foredraga godt motteke.

2.2. Slektstorg

Deltakarar på Slektstorget var følgjande:

  • DIS-Norge/DIS-Hordaland
  • Norsk Slektshistorisk Forening
  • Embla Familie og Slekt
  • Bjørn Davidsen/ Årstad historielag
  • Åsane historielag
  • Webhuset/WinFamily
  • Digitalarkivet

2.3. Evalueringsmøte 28. februar 2001

Følgjande moment vart påpeika i evalueringsmøtet den 28. februar 2001.

  • Ved seinare arrangement bør vi skaffa eit større og meir sentralt plassert lokale. Dette vert likevel eit økonomisk spørsmål og til samanlikning ville leige av t.d. Studentsenteret ha kosta i underkant av 20.000,- for to dagar. Lokalet kosta denne gong ikkje noko ettersom arrangementet også var ein del av Kulturdagane på Årstad, som stod for lokalet.
  • Det var ytra ønskje om seminarrapport, men dersom slik skal utarbeidast må det avklarast lang tid i førevegen med foredragshaldarar. Kostnadane for ein slik rapport måtte eventuelt også innkalkulerast i inngangspengane. Dvs. at inngangsbilletten ville ha vorte dyrare. Vi ser likevel no i ettertid at overskotet åleine kunne ha dekka ein fint trykka og hefta rapport på 80 sider. Foredragshaldarane må som regel vera inneforstått med at dei skal levera bidrag til rapporten på det tidspunkt avtale om å holda foredrag vert inngått første gong
  • Betre marknadsføring. Sjå under punkt 4
  • Arrangørforeningane burde vore flinkare til å selja seg sjølve under arrangementet. Særleg NSF kunne tvillaust ha selt ein heil del tidsskrift og anetavler dersom dette hadde vore planlagt betre.
  • Betre bruk av mikrofon - og betre lydanlegg.
  • Bør eit potensielt neste arrangement berre vera over 1 dag?
  • Ein paneldebatt kunne kanskje trekka ein del folk, og illustrera ein del sentrale problemstillingar.

3. Førebuingar

Det vart halde fleire møter i 1999 og 2000 mellom Ugulen, Balle og Skrolsvik i samband med førebuing av arrangementet. Av praktiske årsaker var ikkje Vigerust (som bur i Oslo) til stades ved desse møta, noko som til tider var lite tenleg. NSFs styre avslo hausten 1998 ein søknad frå Vigerust om støtte for ei reise til Bergen for å delta på eit planleggingsmøte i arrangementskomitéen. Ved framtidige arrangement meiner Ugulen, Balle og Skrolsvik at arrangementskomitéen bør vera samansett av lokalt busette medlemmer, eller at økonomien vert lagt til rette for at komitéen i det minste får nokre møter med alle medlemmene tilstades. Det har dessutan vore stor bruk av e-post ved kommunikasjon mellom medlemmene i arrangementskomitéen. Ugulen har liggjande i overkant av 200 meldingar vedrørande arbeidet med arrangementet.

3.1. Praktisk gjennomføring

I tillegg til arrangementskomitéen vart ein del praktiske førebuingar (og etterarbeid) gjennomført med god hjelp frå styret i DIS-Hordaland samt nokre einskildmedlemmer i hhv. DH og NSF. Takk til dei alle saman. Ingen nemnt, ingen gløymt.

4. Marknadsføring

Arrangementet har vore marknadsført følgjande stader:

  • Genealogen (Medlemsblad for NSF)
  • Slekt & Data (Medlemsblad for DIS-Norge)
  • DIS-Hordalands eige medlemsblad
  • Kulturby Bergen 2000 sitt eige program som vart utsendt til alle husstandar i Hordaland
  • Eigne annonsar under Kulturby Bergen 2000 i Bergens Tidende og Bergensavisen.
  • Intervju i Bergensavisen søndag 20. august 2000 med Jo Rune Ugulen. Her vart arrangementet presentert over ei halv side, i samband med ein fire-siders artikkel om slektsgransking.

Det vart i samband med arrangementet peika på at mange syntest arrangementet var dårleg marknadsført, noko arrangementskomitéen kan vera delvis samd i. Men større marknadsføring kunne fort ha ført til at det vart for mykje folk i det etter måten vesle lokalet, og det er på sin plass å minna om at foredragssalen stort sett var full under foredraga. Auka marknadsføring ville dermed ha ført til at mange ikkje ville fått med seg foredraga. Likevel må det innrømmast at ved ein seinare krossveg må finnast eit større og meir eigna lokale til eit slikt arrangement, slik at fleire kan få høve til å delta.

5. Økonomi

Rekneskap for arrangementet følgjer her:

-
Inntekter
Utgifter
Tilskot frå DIS-Hordaland
5000,-
-
Tilskot frå DIS-Norge
5000,-
-
Tilskot frå NSF
5000,-
-
Tilskot frå Kulturdagene Årstad
5000,-
-
Inngangspengar
3330,-
-
Tore H. Vigerust (reise og opphald)
-
764,-
1142,-

Alf Christophersen (reise)
-
1226,-
Ole Bjørn Darrud (reise)
-
4140,-
Bjørn Davidsen (reise)
-
1148,-
Gåver til foredragshaldarar og arr.komité (krus)
-
3987,-
Diverse mat og drikke
-
1032,-
Total inntekt/utgift
23.330,-
13.349,-
Overskot (står på eigen konto)
9891,-
-

Arrangementskomitéen foreslår at pengane vert ståande på konto til bruk ved seinare arrangement av same type, men ønskjer at styra i dei respektive foreningane tek ei endeleg avgjerd på dette.

Os/Bergen, 6. mars 2001

for arrangementskomitéen

Jo Rune Ugulen (sign.)