| | | | | | | | Lemmer på Tukthuset i Bergen 1771-1776 | | Webbok.
Protokoll over lemmer på Tukthuset i Bergen 1771-1776
Tukt – eller Manufakturhuset vart opretta i 1646 som ein anstalt for foreldrelause barn. Samstundes skulle ”letferdige Qvindfolk” kunne dømmast til opphald der, sjølvsagt adskilt frå barna. På "Børnehuset" eller Manufakturet skulle dei få opplæring i ærlege handverk, men det gjekk ikkje lang tid før dei vart meir å rekne som tvangsarbeidsanstaltar for meir eller mindre "uverdige" fattige.
I 1680-åra var anstalten heilt gått over til å bli eit manufakturhus, derav namnet ”Manufakturhuset”, som kom i alminneleg bruk rundt 1700. Fram til 1726 var dei innsette ved tukthuset involvert i storproduksjon av militære uniformsklede. Då manufakturhuset mista dei militære leveransane, fall driftsgrunnlaget bort og institusjonen vart ståande tom. Seinare vart det gjort fleire forsøk på å få institusjonen på fote att. Frå 1743 vart manufakturhuset tatt i bruk som tukthus for sterke og arbeidsføre tiggarar og lausgjengarar. Tukthusfundasen vart godkjend året etter, den 8. juli 1744.
Den første protokollen over innsette på Tukthuset i Bergen byrjar i 1771, men inneheld personar som hadde vorte sett inn på anstalten så langt attende som til 1766. Protokollen som er publisert her dekkjer perioden fram til 1776, og inneheld opplysningar både om namn og fødestad eller bustad på dei innsette. I tillegg inneheld protokollen opplysningar om når dei vart sett inn og når dei slapp ut frå anstalten, og på kva grunnlag dei vart innsett.
Les meir om Tukt- eller Manufakturhuset |
| | | Stiftelsenes Allé - en virtuell byvandring i Bergen 1769 | | Nettutstilling. I juni 2003 markeres det at det er 400 år siden den første offentlige lege ble tilsatt, i Bergen, og på den måten la grunnlaget for et offentlig helsevesen. Statsarkivet i Bergen/Digitalarkivet vil ta del i markeringen ved å ta de interesserte med på en "byvandring" anno 1769 til det som fantes av hospitaler, stiftelser og andre offentlige bygninger i Bergen, innrettet for å ta hånd om de vanføre, de syke og de farlige.
|
| |
|
|
|
|
|
| Andre nivåer under Bergen |
| |
|
| |
|
| 10 på topp (Siste 7 dager) |
| |
|
|
| | Besøk siden 17.juni 2008 | 1122768 | | Antall ressurser | 27409 | Antall brukte ressurser siden 1 mai 2002 | 3317806 | | Sist oppdatert | 22-Mai-2013 |
|
|
|
|
|