Tilbake til DIS-Norges startside  
Lokallag i DIS-Norge:
 
  Stripe
 

Utskriftsversjon


Lokalgruppemøte i Sykkylven/Stranda - , DIS-Møre og Romsdal inviterer.

Onsdag 9. desember kl. 19 er det møte for slektsgranskarar og andre interesserte i Sykkylven-Stranda.  Om du bor andre stader er du og velkommen.   Dette blir oppstarten for ei lokalgruppe i Stranda/Sykkylven under DIS-Møre og Romsdal. 

Alle  med interesse for slektsgransking er velkomne – medlem eller ikkje. Vi håper at det blir trangt om plassen på Sykkylven Ungdomsskule (lågfløya nærast Kulturhuset) denne onsdagskvelden. Ein ting er sikkert og det er at på eit DIS-møte er der ikkje mangel på tema å snakke om. Om det no er hjelp til data, slekter, lokalhistorie eller kjelder.  Så vi håper mange finn vegen til oss denne kvelden, -  om du er nybegynnar eller erfaren slektsgranskar.

 

Det er tilgang til trådlaust nettverk på skulen, så ta gjerne med PC, vår trufaste følgjesvein. Men for all del – her vil det bli prat om lokalhistorie og slekter så PC er ikkje det viktigaste denne kvelden.  Kaffe og noko attåt skal vi sørgje for.

 

Velkommen!

   
   

 
©1996-2008 DIS-Norge
Sist oppdatert 29.11.2009
Feil eller mangler meldes til Webmaster DIS-Norge

Webdesign: J@ne.no