Slektsforum Slektsforum
DIS-Norge
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 20 Apr 2008 10:40:08    Tittel: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ellev Knutsen Vaksvik er min 3x tippoldefar. I Ørskog gjennom tidene, band lll står han på side 544. Foreldra er Knut Andersen Vaksvik (1686 - 1740) og Anna Knutsdatter (1709 - 1769). Nokon som kjenner til vidare slektsrekke bakover? Der er ein Anders husmann nemnd på side 543, men om det er forbindelse der veit eg ikkje.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 20 Apr 2008 14:07:15    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Vet ikke om dette her er mer forvirrende enn opplysende, men i alle fall noen innspill.

Finner ingen Ellev Knudsen på familysearc ( http://www.familysearch.org/ )
1730 fra Ørskog, heller ikke i kirkebok.

Men utvider vi søket så finner vi i Ørskog/Skodje Ellev Knudsen f. 1735 med dato 1.feb og 1. nov.

Denne person/personer har oppgitt foreldre
Knud Ellefsen og Anna Knudsdtr.

Gift 1760 med Guri Pedersen og 1767 med Marte Paulsdtr.

Under et av søka finner vi foreldre til Knud Ellevsen som Ellev Johnsen og Magnhild Knudsdtr Skodje.

Kirkebok Ørskog har:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15983&idx_id=15983&u id=ny&idx_side=-199

Teller en 8 linjer opp fra bunn side 396 vil en finne Knud Ellevsen ?? barn Ellev.
tror det står noe om medtatt attest,
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 20 Apr 2008 19:15:10    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Veldig bra Smile Tusen takk Helge!!! Eg har leita i kyrkjebok for Ørskog 1730, men har altså vore 5 år for tidleg. Eg trur du har heilt rett. I kyrkjeboka for Ørskog 1735 som du viser til er der berre ei linje som er aktuell etter det eg ser. Første ordet er kanskj nød? Då vert kanskje linja slik: 'nød Døbt Knud Ellefs Stor??? barn nom: Ellef meddelt attest' Ordet etter Ellefs greier eg ikkje tyde sikkert, kanskje eit lokalt gardsnamn i Skodje? Kan ikkje sjå at der er oppført fadderar. Kanskje er han nøddøypt heime, faren levert attest om det, og så ført inn i kyrkjeboka? Men ellers passer det bra med det eg kjenner til, at han gifte seg første gong med Guri Pedersd. og døydde i 1802. I slekta er det eit mangletre som han laga som friargåve til første kona, på det har han skrive G P D 1759. Eg legg ved bilete av mangletreet.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 20 Apr 2008 21:51:29    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Eg meiner det står "nød Døbt Knud Ellefs. Skøyis Barn nom: Ellef meddelt attest".

Skøye (Skodje) ligg i soknet med same namn - som låg under Borgund Prestegjeld (ikkje Ørskog). Det forklarar attesten som er "meddelt". Barnet skal vere innført i kyrkjeboka for Skodje sokn, og vi finn honom her: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15999&idx_id=15999&u id=ny&idx_side=-86 (høgre oppslagsside, 8. siste linja før 1736).

Hugsar eg ikkje heilt gale (men det kan du sjekke), var det ein kapellan i Vatne som gjorde teneste i Vatne og Skodje; - altså ingen prest busett i Skodje.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 20 Apr 2008 22:43:05    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Takk Ivar! Eg har funne det du viser til i Kyrkjeboka for Skodje. Synest ikkje alt er like lett å tyde, men har greid å tyde noko. 'Feste ??? Santos: Døbt ved? Ørskov? Knud Ellevsen Skøyes Søn, N: Elling' Og så står fadrane innførde. Det tyder kanskje at det var nøddåp heime, og så stadfesta i kyrkja seinare?
Det som ikke er heilt likt er at det her står Elling, medan det i kyrkjeboka for Ørskog står Ellev - og det er det han vart kalla i vaksen alder. Eg kan hugse frå då eg voks opp at på døra inn til smalefjøsen hadde han skore inn 'Ellev Knudsen'. Denne løa var bygd i 1834, så det måtte vere ei dør som var brukt opp att frå tidlegare. Døra var såvidt eg hugsar av berre ei brei og tjukk fjøl, ca 160 cm høg og ca 80 cm brei. Så det måtte ha kome frå eit stort furutre! Den forsvann dessverre då den gamle løa vart riven.
Takk igjen!
Helsing Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 21 Apr 2008 00:13:55    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

"Festo omn: Sanctor: døbt ved Ørskov Knud ..."

Festo omnium Sanctorum = festen (for) alle heilage (sjeler); altså helgemesse, som vart feira 1. november. Det stemmer at det står Elling i Skodje-boka og Ellef i Ørskog. Men elles er det klart at det må vere den same. I Ørskog-boka er han ført undet "1 Nov: Die Sanctos".

Forstår eg Hans Strøm (1762) rett, var det ikkje kapellan i Vatne heller (jf. innlegget mitt i stad). Han skriv at Borgund fekk ein kapellan på 1740-talet, som budde på Nørve. Frå Skodje var det altså kortast veg til presten på Ørskog.

Han vart døypt i Ørskog - venteleg i kyrkja, men det er ikkje uttrykkeleg sagt. Det hende at det vart halde dåp i ein prestegard (t.d. i Ulstein), men i Ørskog gjekk dei nok dei 200 metrane til kyrkja. Dersom det hadde vore heimedåp, ville det vore stadfesting i heime-kyrkja, altså Skodje, og ikkje nokon grunn til å blande inn Ørskog-presten.

Spørsmålet er om dette er din Eilif. Farsnamnet (Knut Eilifson) stemmer ikkje med det du skriv i den første postinga.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 21 Apr 2008 10:44:18    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Flott slektsklenodie og flotte bilder!

Som Ivar påpeker og som du skriver i første innlegg så er jo far oppgitt til Knut Andersen.

Vet ikke hvor pålitelig Ørskog gjennom tidene er, men ALLE bygdebøker inneholder vel en del feil.

Det er vel temmelig opplagt dette paret på "Løeseth Ørschoug" i 1801 vi har funnet:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=22&fi lnamn=f11527&gardpostnr=44&personpostnr=722&merk=722#ovre

Alder 66 år stemmer også med 1735. Så om mangletreet (og du Very Happy ) kommer fra Løset så
skulle det vel stemme.

Vh Helge
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 21 Apr 2008 11:50:13    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Det er ein del fleire kjelder du kan undersøke for å klarlegge om det er rett Eilif. Om det finst ei gardssoge for Skøye/Skodje, ville eg sett etter om Eilif/Elling Knutson Skøye/Skodje og faren er nemnde der.

din Eilif Knutson Vaksvik (=Eilif Knutson Løset?, jf Helge si lenkje) må ha gifta seg, og då skulle du kunne finne innførsla i kyrkjeboka. Etternamnet der kan fortelje kvar han kom frå. Likeins kan det hende du finn ei vigsle for Eilif/Elling Knutson Skøye/Skodje, som kan seie om han kan eller ikkje kan vere rett mann.

Ekstraskattemanntalet frå 1762 kan vere dei plass å leite. Her skal alle over 12 år vere med. Her må du nok leite på gamlemåten - i protokoll/mikrofilm på Statsarkivet (eller vente nokre år til det vert skanna og lagt ut på digitalarkivet).
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 21 Apr 2008 19:01:47    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

I Ørskog gjennom tidene står det utan reservasjon at Ellev Knudsen var fødd 1730, og i Gardssoga for Sykkylven f. ca. 1730. Eg hadde derfor leita på dette årstalet. Men også etter 1801 folketeljinga, som Helge viser til, skulle han vere fødd 1735, og det passer med dåpen. Ved 1. giftermål i 1760 står namnet Ellev Knudsen Løset, og det same står då han som enkjemann gifte seg att i 1767.Han må då ha teke namnet Løset før han gifta seg, eller kanskje i samband med det? Eg har ein god 'magefølelse' av at denne Ellev er rette person! Så vidt eg veit er der utgitt bygdebok for for Skodje - så det må bli neste steg. Flott å få oppklara 'Festo omn: Sanctor:' og ' Die Sanctos' Stor takk til Helge og Ivar for god hjelp!
Helsing Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 14 Nov 2004 07:33:25
Innlegg: 1206
Bosted: SØVIK

InnleggSkrevet: 21 Apr 2008 20:49:23    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Jepp, der finnst bygdebøker for Skodje, ca 1700 sider uten person register Laughing

Du finn dei nok på biblioteket i Ålesund Cool
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 21 Apr 2008 21:26:33    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ja, det skal bli mykje interessant arbeid! Med så mykje god hjelp er det oppmuntrande å halde fram. Takk Ingmar!
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 21 Apr 2008 21:30:48    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Du finner han kanskje under Yttre Skodje som ser ut til å være adressa når han blir konfirmert i 1752 som nr 3.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15999&idx_id=15999&u id=ny&idx_side=-163

vh Helge
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 21 Apr 2008 21:57:41    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Takk igjen Helge Very Happy Du har sikkert avgrensa leitinga ganske mykje. Kjekt å få så god hjelp!
Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 21 Apr 2008 22:02:16    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Kva er tilknytninga til Sykkylven? Løset og Vaksvik er og var vel i Ørskog sokn.

Dersom Ørskog-boka er om lag som andre bøker, står det vel kven som vart brukarar på dei ulike gardane? Har du sett etter kva som står under Løset (to gardar som heiter Løset; gnr. 45 og gnr 52 i 1950-matrikkelen)?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 21 Apr 2008 22:30:45    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Her er det som står i Gardssoga for Sykkylven, tidlegare gnr 45 bnr 1:

Ellev Knutsen Vaksvik f ca. 1730 d 1802
g 1. Guri Pedersd. d 1766, 33 ½ år
g 2. 1767 Marte Paulsd. Løset R (bnr 2) f 1746 d 1813
Br 1760-1799
Barn i l. ekteskap:
1. Knut f 1766, d 9 dg
Barn i 2. ekteskap:
2. Guri f 1768, g 1797 Ole Gundersen Klokk f 1763
3. Knut f 1772, g p br
4. Anne f 1775 d 1834, g 1804 Ole Krf.sen. Almås (1775-1816). Ho g2. 1817 Andr. Jonsen Drotninghaug. Legdsmann for 95. legd.
Sk. 15/1 1803: Brutto 130 rd, netto 118 rd.

Der er to gardar i Sykkylven som heiter Løset. Den eine i Søvikdal, den andre i Ramstaddal. Begge desse bygdene høyrde til Ørskog kommune til 1955, då dei vart overførde til Sykkylven. Eg kjem frå Løset i Ramstaddal, som fekk gnr. 62 bnr. 1 etter overføringa til Sykkylven.Vaksvik ligg på nordsida av Storfjorden, aust for Sjøholt, Ramstaddal på sørsida rett overfor Sjøholt. Tidlegare var det tett kontakt sjøveien mellom desse bygdene. Men etter at bilen 'overtok' var det meir naturleg og lettvindt å tilhøyre Sykkylven. Sjølv er eg så gamal at eg vart døypt i Ørskog kyrkje.
Om den godeste Ellev Knudsen hadde ant kva vi driv på med hadde han kanskje snudd seg i grava??!!
Takk Ivar!
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 22 Apr 2008 19:05:10    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

ja....eg gløymde at desse bygdene låg sør for fjorden og vart overførte. Vaksvik veit eg kvar ligg - har vore der nokre gongar.

Når Sykkylvsboka seier han er frå Vaksvik, må dei ha det frå ei eller anna kjelde. Det mest trulege er bygselkontrakt/skjøte på bruket på Løset. Står det noko om bygsel/kjøp? Det kan også vere kyrkjeboka ved den første vigselen, dersom han flytta til Løset etterpå. Men det at vigselsåret (og opphavet til førstekona?) ikkje står, fortel at forfattaren ikkje har funne denne vigsla.

Kva står i Ørskogboka? Er det ein son av Knut (Anderson) Vaksvik som er knytt til Løset?
(eller berre ein son med høveleg namn og alder?) Eller var Eilif Knutson brukar på Vaksvik før Løset?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 13 Nov 2006 05:06:57
Innlegg: 327
Bosted: GODØYA

InnleggSkrevet: 22 Apr 2008 21:19:49    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ørskog gjennom tidene s.544.

Her står det at Knut Anderssen Vaksvik gift (1736)med Anna Knutsdatter hadde sønnen Ellev( som dere har slått fast)

Han var først gift med Guri Pedersdatter som døde 1766. Her står ingenting om hvor de bodde.

Han giftet seg på nytt (1767)med Marte Paulsdatter Løset fra Sykkylven og de ble brukere der.

Ellev hadde to brødre: Anders (1737 døde 1 år gm.) og Ole Martinus som ble bruker på Halvardseter i Ørskog.

Knut Anderson Vaksvik døde i 1740 og Anna Knutsdatter giftet seg på nytt i 1746 med Peder Engebretsen. Han var bruker på Vaksvik til 1762.

Etter dette tok Anders Knutson, (kan være fra Langlo på Stranda ifølge boka) over som bruker.

mvh
Vibecke
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 22 Apr 2008 22:27:08    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Det er ein del ting som ikkje stemmer heilt saman. Eg ville ha leita etter Eilif og Guri sitt giftarmål for å sjå kva som står der. Dersom ho var frå eit anna prestegjeld, vil det sannsynlegvis stå der. Det kan vere grunnen til at året ikkje står i Ørskog- og Sykkylvs-bøkene (eller forf. kan ha oversett det i kb. Ørskog).

Trulovinga i 1767 finn vi her (1.s. e. påske, 26. april; nede til venstre), http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-264 : "Em (enkemand) Elleve Knuds. Løset og P (pige) Marte Paulsd. Forl. Hans Luchedal og Jørgen Welle.
Vigsla er her (jonsokdag, altså 24. juni, nede til venstre), http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-265 : ""Em Elleve Knudsen Løset og P. Marte Paulsdatter".

Denne Eilif er anten frå Løset, eller har busett seg der før trulovinga. Og kyrkjeboka fortel ikkje kvar Marte kom frå. Ein bygselsetel (panteboka) og/eller kårkontrakt (også panteboka) kunne vere ei kjelde som knytte Eilif til Vaksvik (eller ein annan stad).

Sidan bb Ørskog seier at Knut og Anna hadde desse sønene, må det vere ei kjelde som fortel det - anten kyrkjeboka eller eit skifte. Men det kan også vere at grunnlaget er tynnare.

Eilif/Elling Knutson Skøye/Skodje som vi fann ovanfor er iallfall ikkje son til Knut og Anna på Viset. Nokon Eilif Knutson Viset har vi faktisk ikkje funne så langt - og langt mindre at han var son til Knut og Anna.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 22 Apr 2008 22:43:11    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Kom seint heim frå arbeid i kveld, ser at Ivar har nytt innlegg, og at Vibecke allereie har svart på det som står i Ørskogboka - takk for det! I Sykkylvsboka står at Ørskog kyrkje eigde 2 mællag i Løset i 1515, i 1524 1 mællag, i 1624 1/2 v 18 mk. Seinare på 1600 - talet vart Ørskog kyrkje eigar av heile garden. Då oldefar min overtok som brukar i 1861 bygsla han av kyrkja, og i det kombinerte bygsel-/kårbrevet er han omtala som 'leilænding'. Då son hans kjøpte bruket av kyrkja i 1906 er han omtala som 'leilendingens søn'. (Eg har kopi av begge desse dokumenta). Om der er eldre bygslebrev kjenner eg ikke til.
Giftermål med Guri Pedersd. i 1760, side 985, 2.linje ovanfrå:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-213
Giftermål med Marte Paulsd. Løset i 1767, side 1086, 2. linje nedanfrå:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-265
Eg var så 'gira' at eg kontakta biblioteket i dag tidleg, og fekk låne 1. band i Skodjeboka. På Ytre Skodje finn eg ein Knud Eilefsen Ytter Skodie f. ca. 1698 -1749, gift 2. gong 1733 med Anne Knudsd.. Borna etter dei er Ole f. 1733, Maren f. 1738 og Gjertrud f? 'Min' Ellev er fødd 1735 ser det ut til - og då kunne det vere plass til han mellom 1. og 2. barn ??? Men det vert spekulasjon. Eg må leite vidare i Skodjebøkene, som er tjukke!
Takk så mykje igjen!
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 22 Apr 2008 23:00:59    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Hei Ivar!
Medan eg skreiv innlegget hadde du alt publisert eit nytt. Spørsmålet om kvar 1. kona Guri Pedersd. var frå veit eg ikkje. Men for å finne 2. kona gjekk han berre til nabobruket! Her er det som står i Sykkylvsboka:
Paul Olsen Velle ca. 1710 d 1799
g 1745 ek. Marte Persd. Løset f Lade, d før 1794
Br 1744 ca. 1776
Born: 1. Marte f 1746, g 1767 Ellev Knutsen Løset f Vaksvik. Bustad
Løset R br 1.
2. Berte f 1749 d 1761
3. Peder f 1752 d 1 dg
4. Johanne f 1757, g p br
Paul var bror til Jakob Olsen Velle og ½ -bror til Barbro, g Nils Olsen Drabløs (Barbrog.) og til Marte g Jørgen Ols. Blakstad.

Ellers er eg til dels forvirra - noko stemmer - noko ikkje! Lett skal det vel ikkje vere, og far min hadde eit gammalt ordtak når noko var vanskeleg eller arbeidsamt: 'vi må ro nes for nes'
Takk!
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 22 Apr 2008 23:04:05    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Vi ser jo også av troloving her:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-211

side 981, 12 linjer opp fra bunn, at allerede da er Ellev (jeg retter Knut til Ellev 25/4) kommet til Løset.

Så det at han gifter seg til Løset i sitt andre ekteskap ikke nødvendigvis må stemme.

vh Helge


Sist endret av dn11511 den 25 Apr 2008 10:28:34, endret 1 gang
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 22 Apr 2008 23:20:10    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ja... her står Eilif med gardsnamn Løset. Det gjer han ved trulovinga også, http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-211 (om lag midt på høgre sida).
Altså var han busett på Løset før det første giftarmålet i 1760.

Bygselsetel er leigekontrakta for bruket. Ho skulle tinglysast, og ein kopi skulle førast inn i panteboka. Det du har, kan vere ein original, eller ein personleg kopi av bygselkontrakta. Den nye brukaren måtte vanlegvis yte kår til den gamle brukaren, og kårkontrakta skulle også tinglysast og førast inn i panteboka. I begge dokumenta kan den nye brukaren vere innført med eit namn (t.d. Eilif Knutson Vaksvik) som fortel kvar han kom frå. Og det kan stå noko om slektskap eller mågskap mellom ny og gammal brukar. Du må nok ein tur på Statsarkivet i Trondheim....

Knut Eilifson (og rimelegvis kona Anne) hadde utvilsomt ein son Eilif (eller Elling) f. 1735 - det er godt dokumentert i denne tråden. Det kan vere din Eilif - men i så fall er Knut Vaksvik eit blindspor. Eller så kom din Eilif frå Vaksvik (slik bb seier) - og då er Eilif/Elling på Skøye ein heilt annan person. .... Eller så har din Eilif ikkje noko som helst å gjere korkje med Vaksvik eller Skøye.

Dersom det var skifte etter Knut eller Anna Vaksvik, vil arvingane (barna) stå der. Skifte står i skifteprotokollen, Statsarkivet. I prinsippet skulle det vere offentleg skifte etter Knut (1740), sidan han må ha hatt mindreårige arvingar. Men var det ingenting å dele på (korkje skuld eller eigedom), let dei det somtid vere likevel. Men om det står ein Eilif der, får vi berre vite alderen - ikkje kvar han kom til å bu 20 år seinare (og altså ikkje om han er den same som Eilif Løset). Dersom Anna levde lenge, ville borna vere vaksne - og det var ikkje krav om offentleg skifte. ... men det kan ha vore halde likevel.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 22 Apr 2008 23:27:23    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

At Marte Paulsd. kom frå Løset er noko kyrkjebøkene ikkje fortel noko om. Her har forf. anten hatt ei anna kjelde (kanskje skifte etter Paul 1799?). Eller så har han gjetta på tynnt grunnlag.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 22 Apr 2008 23:52:09    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ser en på folketelling 1801 så er det jo mest sannsynlig at den Poul Poulsen som er husbonde på Løset er bror til Marte som blir gift med Ellev.

Og at den tidligere bruker var en Poul som hadde disse barna.

Spekulasjon, ja. Men mye mindre spekulasjon enn mye av det en ser mange bygdebøker bygger på.

Når det gjelder at Knut Andersen Vaksvik er far til Ellev Løset så blir vel også det litt vanskelig om en holder seg til Ørskog gjennom tidene.
Knut gift 1736 med trolig førstefødd døpt Anders etter farfaren som tradisjon var kunne da ikke ha fått noen Ellev før tidligst 1738 i dette ekteskapet. Og da begynner de oppgitte alderene (f 1730 og 66 år 1801) å bli noe skjev. Selv om det vel finnes nok av døme i kildene på slik feil aldersgjengivelse.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 23 Apr 2008 00:12:25    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Kai Løseth skrev:
Då oldefar min overtok som brukar i 1861 bygsla han av kyrkja, og i det kombinerte bygsel-/kårbrevet er han omtala som 'leilænding'.


Du får unnskylde at jeg bryter inn i diskusjonen, Kai, men denne oldefaren din, (dersom han het Karl Johan og levde fra 1830 til 1916, er også oldefaren til en onkel av meg (han er inngift i min slekt). Dette vet du helt sikkert, men J'en i landhandelens navn i Ramstaddal (O. A. J. Løseth eftf.) kommer fra navnet Johan som tydeligvis Karl Johan brukte. Og min onkel, som jeg snakker om, er for tiden eiger av denne landhandelen.

Men dette ble en stor digresjon. Dere får ha meg unnskyldt. Embarassed

PS! Hadde det vært mulig å fått en kopi av bygselbrevet hans?

Hilsen Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 23 Apr 2008 18:05:17    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Du treng ikkje orsake deg, Remi! Tvert i mot er eg takksam for alle tankekraft. Eg skal snakke med handelsmannen - som heilt rett er min fetter! Han har sikkert dine 'personalia' slik at vi kan avtale kopiane du er interessert i. Eller du kan stikke innom når du er på desse kantar?
Ivar og Helge oppsummerer fint status præsens. Det som eg og har merka meg er at Ellev Knudsen kaller seg for Løset alt ved trulovinga i 1760. Eg veit ikkje korleis dei gjekk fram når dei skifta namn, om dei berre kunne bestemme sjølv, eller om det måtte godkjennast. Men for meg verkar det slik at det alt då var bestemt at han skulle overta som brukar. I klippet eg har lagt inn tidlegare frå Sykkylvsboka, står det at han er brukar 1760 - 1799.
Brukaren før han var Anders Nilssen Ramstad, som er brukar 1743 - ca 1757. Der er då 2 - 3 år som er usikkert. Kanskje har Ellev Knudsen høyrt at der var eit bruk ledig?? og sondert om han kunne overta - kanskje drive det uformelt?? Spekulason - men litt fantasi er vel ok? Her er det som står før Ellev overtok:

Anders Nilssen Ramstad (bnr 4) f 1723 d 1791 på Svinnset
Br 1743-ca. 1757
Born: 1. Elling f 1744 d 13 veker
2. Knut f 1745
3. Nils f 1748, d 21 veker
4. Nils f 1749, d 1 mnd
5. Berte Margrete f 1750, g Ole Korneliussen Vinje
6. Marte f 1753 d 1821, g 1786 Lars Rasmussen Grebstad (Bas-
tiang.) f 1766 d 1813.
Ca. 1757 flytte denne familien til Svinnset bnr 2.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 23 Apr 2008 20:57:13    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Eg har funne gravfestinga for Knud Andersen Vaxvig 14. august 1740 i kyrkjeboka for Ørskog, midt på side 508:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15983&idx_id=15983&u id=ny&idx_side=-255
Då er dei oppgivne date for han rette i Ørskogboka, oppgitt å vere 54, som stemmer med 1686 - 1740. Sonen Ellev er oppgitt å vere fødd 1730. Den 'andre Ellev' vi har vore innom var fødd 1735. Men uansett var Ellev umyndig då faren døydde, og då er han vel nemnd i skiftet etter faren, om slikt var halde. Det må vel då vere hausten 1740 eller tidleg 1741? Kanskje går det an å rette spørsmål til Statsarkivet i Trondheim.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 24 Apr 2008 11:18:07    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Takk skal du ha, Kai.

Ellers så legger jeg merke til at den ene forloverene ved trolovelesen mellom Ellev Knudsen Løset og Guri Pedersdr. heter Ellev Pedersen Waxvig, så noe tilknytning til Vaksvik ser det ut til at Ellev Knudsen har hatt.

Det var mer vanlig enn uvanlig at personene tok navnet til gården de bodde på og skiftet dermed navn ettersom de flyttet. Det er kanskje mer å regne som en bostedsidentifikator enn et etternavn.

Så går jeg tilbake til Ellef Skøyes barn Ellef sin dåp som stod i innlegg 2. Det første ordet på linjen er ordet "noch", som betyr det samme som på tysk idag: "Og en til" (min tysk er ikke som den var, men oversettelsen blir noe slikt.) Det viser tilbake til de 2 som er døpt samme dag og som står på linjene over.

Broren Anders sin dåp finner dere her, øverst oppe, venstre side: Ørskog 1720-1743, side 444 Det rare her er at dersom vi ser på introduksjonen til Knud Andersen Vaxvigs Qvinde, så er navnet hennes oppgitt til å være Birthe Jensd. Introduksjonen står på den høyre siden i samme lenken, under 22. dec.

Det kan være disse 2 som gifter seg 1. jan 1733: Lenke Her står Knud som Knud Anderss. Lande og pige Brithe Jensd. Der er ingen andre kandidater til Knud Andersen som kan passe som gifter seg i Ørskog kirkebok. Men det hindrer jo ikke at han kan ha giftet seg i Stordal, Norddal, Skodje, Borgund eller Stranda. Alt etter hvor fruen kom fra.

En skal ikke stole for mye på bygdebøkene for Ørskog, de er generelt dårlige og mangelfulle.

Knut Andersen Lande og kona døper datteren Eli den 1. jan 1734, og sønnen Jens den 6. aug. 1736. Neste barn jeg finner er Anders i 1737 og da bruker far stedsnavnet Vaxvig.

Du kan jo se hva du finner på Knut Andersen Lande i bygdeboka, Kai, det kunne ha vært greit og sett om det kan være samme personen eller å få han ut av dette søket.

Hilsen Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 24 Apr 2008 20:29:56    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Hei Remi! Det er vanskeleg å kome vidare, har leita gjennom Lande Øvre og Lande Nedre 3 gonger - utan å finne nokon Knud Andersen. Det kan vel vere feil i bygdebøkene - som du skriv. Men kanskje kan der også vere ein såkalla 'trykk - Leif' i kyrkjeboka? Og så er det dette med namneskifta som kompliserer.
Helsing Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 25 Apr 2008 01:12:34    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Da får vi vel se hva kirkebøkene sier, jeg stoler mer på dem enn på bygdebøkene for Ørskog.

I utgangspunktet er der ingen Knud Andersen (med navnevarianter) som gifter seg med ei Anna Knudsdatter (med navnevarianter) rundt 1735 (+/- 5 år) i Ørskog. Ørskog dekker på denne tiden sognene Ørskog, Sykkylven, Stordal og Stranda. I Norddal starter kirkebøkene i 1736 og jeg finner dem ikke der heller. Skodje (som dekker Skodje og Vatne) har kirkebøker fra 1698, ikke funnet der. Og Borgund har også kirkebøker fra 1698 og heller ikke der er de. Nå skal sant sies at jeg ikke har leitet fysisk i kirkebøkene for å komme fram til dette resultatet, men har brukt spesifikke søk på navene Knud/Knut og Anna/Anne/Ane /Ana i de spesifikke kirkebøkene utlagt på FamilySearch. I utgangspunktet burde jeg ha sett antydning til navnelikhet i en av dem. Altså, jeg har ikke brukt FamilySearch generelt, men letet kun i kirkebokavskriftene for nevnte steder.

Så da får vi starte med alternativer.

Det er opplyst i bygdeboken for Ørskog at Knud Andersen og Anna Knudsdatter er gift i 1736. Siden bygdebokforfatteren har funnet dette, så går jeg ut fra at vielsen deres står i Ørskog kirkebok i 1736 (+/- 1-2 år).

Mulige personer:
Side 401, copuleret 1. januar 1736: Knud Klemmets. Vaxvig og Anna Knudsd.

Dette er eneste dame med fornavn som ligner på Anna og farsnavn som inneholder Knudsdatter som passer.

Der er ingen Knud Andersen blant vielsene som passer. En Knud Arnesen blir gift 6. jan. 1735 med ei Marthe Nielsdatter, men dette passer ikke i det hele tatt.

Finner du en Knud Klemmetsen Vaksvik i bygdeboka noe sted, evt. en Klemmet Vaksvik.

Anna Knudsdatter Waxvig sin begravelse står her: Dom. Rogate den 30 April 1769. Hun er 60 år gammel og 4 måneder.

Den 14. aug. 1740 begraves Knud Anders. Waxvig, 54 år gammel: Lenke, se venstre side.

Jeg har skumlest kirkeboka for Ørskog etter konfimasjonen til Ellev fra 1745 til 1752 uten å finne han, men det kan jo være jeg gikk glipp av en konfirmasjonsgudstjeneste eller to. Der er som regel 1-3 konfirmasjonsgudstjenester i Ørskog kirkebok pr. år i denne perioden. Han kan jo også ha blitt konfirmert senere. Men konfirmert må han ha blitt, for ellers fikk han ikke lov til å forlove seg.

Jeg finner heller ikke noen Knud Klemmetsen igjen i kirkeboka i det hele tatt, ved leting på FamilySeach sine avskrifter, noen som kan bety at Klemmetsen er en skrivefeil i kirkeboka og at det skulle ha stått Andersen i stedet. Dette er vanskelig å svare på.

Jeg får se hva slags gode ideer jeg kommer på senere.

Hilsen Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 25 Apr 2008 10:04:07    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Den forlover som Remi nevner kan være den Elluf Pedersen som er født i Ørskog, 23.feb. 1726, har litt problemer med hva som står der.

Ellers så heller jeg fortsatt til Skodjesporet.

I følge mormonernes FS som virker ha gjort en grundig jobb vedrørende døpte og vigde i Ørskog og Skodje har vi altså denne "pedigree".

Ellef Knudsen f 1.nov 1735 Skodje,
gift 26.juni 1760 med Gure Pedersen.
gift 1767 med Marte Paulsdtr.

Foreldre til Ellef:
Knud Ellefsen f ca 1697, Skodje. Død 19 april 1748.
Anne Knudsdtr f 1696 Skodje. Død 9. nov. 1768.

Foreldre til Knud Ellefsen:
Ellev Jonsen og Magnhild Knutsen.

Disse opplysninger kan jo være grunnlag for leting i skifteprotokoller m.m.
----------

Denne Ellev Skodje er altså beviselig døpt 1735 og ble døpt i Ørskog. Det kan vel også tilsi at han hadde sterke familiære band til nabosognet.
Denne Ellev må være den Ellev Ytter Skodje som er konfirmert i 1752.
Så forsvinner spora fra Skodje. Om han ikke har utvandret fra sognet må det kunne finnes dødsfall og eventuell vielse for han.

At bygdebok for Skodje ikke har registrert noen Ellev (som beviselig har levd) på garden Skodje/Ytterskodje tyder vel på at han har flyttet før eventuell ekteskap.
At det så i nabosognet Ørskog dukker opp en Ellev med riktig alder som vi har store problem med identifisere i Ørskog sine kirkebøker som døpt/konfirmert er vel også et sterkt indisium.

Ellers så har jeg tidligere vært ute for at Skodjebøkene ikke er så etterrettelig,
blant annet i en tidlig debatt under Haram hvor Remi har gitt meg et godt svar Very Happy

Vh Helge.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 14 Nov 2004 07:33:25
Innlegg: 1206
Bosted: SØVIK

InnleggSkrevet: 25 Apr 2008 10:32:44    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Heisann

I Skodje boka, band 1 side 580, bnr 6, Nilsgarden (Under Ytre Skodje)

Brukerrekkja er vanskeleg å halde greie på før det lid fram til 1750 talet. Denne tida sat her 4 menn, medan garden var delt på 3 oppsitarar leid lengre fram på 1700 talet. To av dei som kan ha brukt her føre år 1700 (Begge nemde i 1704, 1704 og 1711) var:

(Eg tek med berre den eine) Cool

Ellif Jonsen Ytterskøye f.ca 1651 gift med NN.
Har barna:
Jon f. ca 1689
Knud f. 1697. Seinare bruker.

Lenger ned på samme side:
Knud Ellifsen (Elofsen) Ytter Skodie f.ca 1698-1749 gift 1725 med Gøri Simensdtr. 1692-1730.
Har barna:
Iver f. 1723
Joen f. 1726-1726
Ole f. 1727. Gift 1758 med enkja Marit Olsdtr. Olsvik, Borgund

Knud g.2.g. 1733 med Anne Knudsdtr.
Har barna:
Ole 1733-1798
Maren 1738
Gjertrud f. ?

Knud er nemd å være husmann, likevel er det mogleg at han bygsla ein part av dette bruket også. Etter hans tid går det meir tydeleg fram kven som dreiv her.

Dette er den einaste Ellif'en eg har sett på Ytre Skodje etter ein kjapp gjennomgang. Noko rotete oppsett i boka, men har prøvd å gjengi det slik som det står.

Lykke til med den videre jakta. Cool
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 25 Apr 2008 17:59:37    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Remi har nok rett i at det stend ”noch (eller nock) Døbt....”. Denne presten har ei litt spesiell veksling mellom latinsk og gotisk skrift (ikkje system i vekslinga så langt eg kan sjå). Det same ordet kjem att nedst på s. 400 (første lenkja til Remi i natt); der ein dåp 29. des kjem etter års-oppsummeringa. Den siste bokstaven liknar på k i Dyrkorns litt ovanfor, så eg held på ”nock”. Men tolkinga vert den same – ”dessutan” eller ”i tillegg”.

Av ”gode idear” (Remi sine ord) ville eg sett etter trulovinga til dei vigsla for Anders Klemmetson og Anna. Dersom ho finst, kan det kanskje vise seg at det skulle vere Knutson. Om ho ikkje finst, fortel det at kyrkjeboka kan ha manglar.

Skifte etter Anders: Om du skriv e-post til Statsarkivet i Trh., får du iallfall greie på om dei har tid til å sjå etter. Der du heldig, har dei tid til det – og finn skifte. I det minste bør du kunne få vite om det finst register for skifta frå denne tida. (Namneliste over dei det er skifta etter, evt. kartotekkort over skifta).

Futen sine rekneskap/skattelister (Statsarkivet) kan også fortelje kven som dreiv ein gard når.

Helge: Eg trur ikkje vi kan trekkje noko slag konklusjonar om tilknyting til Ørskog berre ved at Knut Eilifson Skøye døyper barnet i Ørskog. Barn skulle døypast innan 8 dagar (og det ser ut til at folk heldt seg til det) – og Ørskog var nærare enn Borgund. Alle faddrane er frå Skøye (og Abelvik/Apalvik, like attmed).
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 25 Apr 2008 18:28:50    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ålesund bibliotek sitter med Skifteprotokollene for Sunnmøre fra 1689 til 1801 på mikrofilm. Faktisk har de for hele fylket. De ligger i lokalavdelingen på biblioteket. Dersom jeg ikke husker stygt feil, inneholder disse protokollene eget register bakerst i hver bok som tar utgangspunkt i fornavnet til den det er skifte etter. Andre nevnt i skiftene står ikke i registeret. De har også 2 mikrofilmlesere som det er muligheter til å ta papirkopier fra. Kan være at det er lurt å ringe på forhånd og avtale tid for å høre om apparatene er ledige for bruk. De setter opp tidspunkt for når folk ønsker og bruke dem, og det er førstemann til mølla. Jeg er flittig bruker av dette tilbudet når jeg er på Sunnmøre.

Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 25 Apr 2008 19:57:07    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Eg er heilt overvelda over arbeidet de har lagt ned. Stor takk til alle Laughing Eg har framleis god magefølelse for Skodjesporet, sjølv om det veksler noko. Eg har sett i Sykkylvsboka at eit barn kan mangle totalt i ein søskjenflokk. Og det skal vel godt gjerast at ikkje slike feil skjer. Frå Skodjeboka:
Knud g.2.g. 1733 med Anne Knudsdtr.
Har barna:
Ole 1733-1798
Maren 1738
Gjertrud f. ?

Her kunne det godt vere ein fødd i 1735??

Frå Sykkylvsboka:
Ellev Knutsen Vaksvik f ca. 1730 d 1802
g 1. Guri Pedersd. d 1766, 33 ½ år
g 2. 1767 Marte Paulsd. Løset R (bnr 2) f 1746 d 1813
Br 1760-1799
Barn i l. ekteskap:
1. Knut f 1766, d 9 dg
Barn i 2. ekteskap:
2. Guri f 1768, g 1797 Ole Gundersen Klokk f 1763
3. Knut f 1772, g p br
4. Anne f 1775 d 1834, g 1804 Ole Krf.sen. Almås (1775-1816). Ho g2. 1817 Andr. Jonsen Drotninghaug. Legdsmann for 95. legd.
Sk. 15/1 1803: Brutto 130 rd, netto 118 rd.
Den eldste sonen vert døypt Knut. Denne sonen døyr 9 dg. Neste son han får vert også døypt Knut. Det er vel nærliggande å tru at det er ein som kallast opp att - faren til Ellev??
Det var fint å få vite at skifta ligg på mikrofilm ved biblioteket i Ålesund. Då er ikkje turen dit lang.
Helsing Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 25 Apr 2008 21:02:30    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Da tar jeg for meg det jeg finner om Knud Ellifsen Ytter Skodie og hustruene Gøri Simensdatter og Anne Knudsdatter.

Trolovelsen til Knud og Gøri skjer i Ørskog kirke den 31. okt. 1724, side 137: Lenke. d. 31 Oct. Troloved Knud Ellufs. Schøye og p. Gyri Simonsd. Forlovere Siver Zachariæs. Schøye, Ole Knuds. Abelvig.

Vielsen i Ørskog kirke d. 7 jan. 1725, side 145: Lenke. d. 7 Jan. Dom. 1 post Epiph. Copuleret Knud Ellefs. Schøye og p. Gyri Simensd.

I bygdeboka for Skodje står Iver som første barn av Knud Ellifsen og Gøri Simensdatter. Det er feil. Barnet Ifver døpes den 13. jan 1724 i Skodje (side 86 i kirkeboken, venstre side), far oppgitt til Knudt Ytterschøye. Men ser vi på de introduserte kvinnene så er det Ingebor Iversdatter Ytterschøye som blir introdusert den 12 feb. 1724 (side 127, høyre side). Denne Knud med kona Ingeborg er brukere på Nilsgarden på Ytre Skodje samtidig som Knud og kona Gøri.
Link til kirkeboken for Borgund/Skodje 1698-1779:

Lenke.

Joen står skrevet inn som døpt i Skodje kirkebok den 24. juni 1726, side 87, høyre side: Festo Johan Baptiste døbt ved Ørskov Knud Ellingsøn Skøyes Søn N: Joen. Faddere: Corporal, Knud Digernæss, Siur Zachariesøn Skøye, Thore Ellefsdatter Skøye, Maritha Nielsdatter ibid., Anne Olsdatter ibidm.
Samme dåp gjenfinnes i Ørskog kirkebok her: Lenke. Her står: Eod. die [d. 24 Jun.] Døbt Knud Ellufs. Schøyes barn af Schøye sogn nom: Jon, hvorom blev meddeelt attest.
Joen døde 13 uker gammel og blir gravlagt den 27. okt 1726, Dom. 19 p Trinit. (Side 148 i Skodje kirkebok, venstre side)
Mor introdusert den 20. juni 1726 (side 128, ve. side)

I 1727 finner jeg kun Knud Pedersøn Ytter Skowes sønn Ole, døpt 25. jan. Derimot er Gyri Simensdatter fadder og det var hun som bar denne Ole til dåpen. Hun kalles her for Gyri Simensdatter Indre Schove (side 88, ve. side). Det er også Ingeborg Pedersdatter Ytterskøye som introdusert den 1. mars 1727 (side 128, ve. side). Festo omn. Sanctos 1727 (1. nov. 1727) blir Giøren Simensdatter Ytter Schowe blir derimot introdusert denne dagen. (Samme side). Det har ikke lykkes meg å finne dette barnet døpt hverken i Skodje, Ørskog eller Borgund sine kirkebøker, men i følge bygdeboken så kan dette være barnet Ole, som blir gift med Marit Olsdatter.

Neste barn til Knud og Gøri jeg derimot finner er Magnild, døpt 19. aug. 1730. (Side 91, ve. side i Skodje KB.) Hun er ikke nevnt i bygdeboken. Moren dør og blir gravlagt den 11. feb. 1731 (side 149, ve. side). Moren blir introdusert Domca. 25 post Trinit. [26. nov. 1730] (side 129, ve. side).

Da skulle vi være ferdig med Knud Ellefsen Ytter Skodje sitt første ekteskap.

Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 25 Apr 2008 22:25:32    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Så til Knuds 2 ekteskap:

Knud er nå sikkert på desperat hustrujakt siden han trolig sitter med med 2 småbarn hjemme. Og han bruker mindre enn et år og finne et lagelig emne.

Den 13. okt. 1731 trolover han seg med Anne Knudsdatter (Skodje kirkbok, side 12, hø. side). Hun står som "føer besofvet" Forlovere er Corporalen Knud Siursøn Ytter Schove og Siur Zachariesøn ibidm. (Disse navnene har vi vært bort i før som faddere)
Den 19. jan 1732 gifter han seg med Anne Knudsdatter, før besovet. (Side 47, ve. side.)

Første barn, Ole, blir døpt i Ørskog kirke den 28. feb. 1733. "d. 28 Febr. blev døbt ved Ørskov Knud Ellefssøn Ytter-schoves barn, N: Ole. Faddere: Siur Ytter-schove, Salmund Ytter-schove, Ole Joensøn ibidm., Ingeborg Indre-schove og Eli Knudsdatter ibidm. (Side 93 i Skodje KB, høyre side.)
Samme dåpen finner vi i Ørskog KB, nederst side 338: Lenke.

Neste barn er Elling/Ellef i 1. nov. 1735 som vi allerede har funet.

Maren, døpt 15. juni 1738, side 98, ve. side i Skodje KB: "Samme dag [Dca. 2da post Trinit] ved Skoue Døbt Knud Ellufsøn Ytter-Schoues datter, N: Maren. Faddere: Anders Jørgensøn Skouevaag, Hans Olsøn tiener ibidm., Anne Olsdatter Ytterschoue, Syneve Siursdatter ibidm., Siri Knudsdatter Fylling.

Noen Giertrud som står nevnt i bygdeboke har jeg ikke funnet døpt i Skodje KB.

Introduksjonen til Anne Knudsdatter etter disse fødslene står på disse sidene i Skodje KB: 130, ve. side: Festo S. Coence (Skjærtorsdag 2. april 1733, etter Ole);
130, hø. side: Dca. 2da post Trinit. (må være feilskrevet for Dca. 2da Advent) datoen skal da bli 4. des. 1735, etter Elling/Ellef;
131, hø. side: Dca. 24 post Trinit. (16. nov. 1738) står Anne Olsdatter Ytterschoue sin introduksjon. Hun skal være gift med Knud Corporal Ytterschoue, men der eksisterer 3 samtidige ved navn Anne på Ytterskodje, nemlig Anne Olsdatter (Knud Corporals kone), Anne Knudsdatter (Knud Ellefsens kone) og Anne Didrchsdatter, og alle får flere barn mellom 1730-1740, så det kan ha gått litt i surr for presten. Knud Corporal får barn i slutten av 1737 og på ny i oktober 1739, hans kone, Anne Olsdatter blir introdusert den 1. jan 1738, da kan hun ikke ha fått et nytt barn der hun kan ha blitt introdusert den 16. nov 1738, for deretter på ny å bli introdusert den 6. des. 1739 som corporalens hustrue Anne Olsdatter. Så jeg tror at presten har feilskrevet Anne Olsdatter i midten og at det egentlig er Anne Knudsdatter som her blir introdusert.
Jeg har sett ut 1747 uten å finne Anne Knudsdatter introdusert flere ganger, noe som igjen tyder på at Anne Knudsdatter og ektemannen Knud Ellefsen aldri fikk ei datter Gjertrud.

Den første jeg finner konfirmert er Ole Knudsen Yttre Schoue, 17 år, konfirmert den 12. okt. 1749. (Skodje KB, side 169, ve. side., nr. 5)
Den neste er Ellef som vi allerede har funnet konfirmasjonen til i 1752.
Jeg finner ikke flere av barna konfirmert. Har sett etter helt fram til 1770 i Skodje KB. Dette kan bety at enten døde de før konfirmasjonsalder eller så har de flyttet ut, men jeg mangler i så tilfelle bare Maren.

Hilsen Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 26 Apr 2008 09:44:20    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

En lærer litt for hver debatt en deltar i, og takk for det.

Ivar.
At en skulle døpes før gått 8 dager var nytt for meg faktisk. Og det måtte jo noen ganger bli umulig skulle en tro.

Ellers så er jeg imponert av Remis bruk av introduserte. Disse introduksjonene ser ut til å bety mer for å finne slektsforbindelser enn jeg tidligere har vært oppmerksom på.

Så til dåpsbarna på Løset, og deres eventuelle tilknytning til Skodje og Vaksvik.

Knut 1.mai 1766 s. 1070 i kirkebok. Av dåpen og fadrer ingen spor så vidt jeg ser.

Guri f 1768 1. mai s 1098 har en fadder med navn Ellef Waxvig (tror jeg det står).
Altså er det en tilknytning til Vaksvik og der har budd en Ellef. Men det er ikke "vår" Ellef og kan det være slik at det er denne som har forvirret forfatterne av bygdebøker til å gi Ellev Løset opprinnelsesadresse Vaksvik?

Knut 1772, 19. april s. 1149 har som den ene fadder Gjertrud Abelvig. her dukker Gjertrud-navnet opp igjen, og det samme med Abelvig som Ivar viser til fadrer ved Ellev sin dåpen i 1735.

Anne, 9.sep. 1775 s. 27 neste bok har ingen fadrer så vidt jeg kan se som skulle peke mot Skodje eller Vaksvik.

Men bare ved hjelp av tilgjengelige kilder på internett så kommer vi vel ikke stort lenger.
Det måtte vel i såfall være om en fann Ellev Skøye f 1735 død eller viet et eller annet sted slik at en kunne utelukke Løset av den grunn.

Vh Helge
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 26 Apr 2008 11:58:10    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Det er derfor det er så mange hjemmedåper, Helge, at barna måtte døpes før 8 dager var gått. Men bekreftelsen av hjemmedåpen var det ingen tidsfrist på, så derfor kan vi finne dåper av både 2- og 4-åringer i kirkebøkene, men de er hjemmedøpte først. Står som regel som "Confirmerede Ole Olsens Søn Ole, hjemmedøpt". Dåpen vil ikke skrives inn i kirkeboken før den kirkelige bekreftelsen av dåpen blir foretatt.

De introduserte er stort sett eneste måten å finne ut hvem som er mor til de forskjellige barna som blir døpt før 1815-1820. Det varierer litt hvordan prestene skriver dem i kirkebøkene. I disse bøkene vi er innom her, så står heldigvis navn og bosted på de fleste mødrene og av og til også hvem som er deres ektemann. I andre kirkebøker skrives de bare som "Introdusert Ole Olsens Quinde/Hustrue/Frue" og da hjelper det oss ikke så mye siden Ole Olsen i de fleste tilfeller også er nevnt ved barnets dåp. Legg også merke til at det bare er de gifte kvinnene som blir introduserte. De som får uekte barn fikk ikke introduksjon, derimot så vil vi stort sett finne mødrene til de uekte barna igjen blant de Publice absolverede.

Jeg tror neste steg for Kai må være å få sjekket om der er skifter i skifteprotokollene etter Knud Ellefsen Ytre Skodje i 1749-1750 og skifte etter Knut Andersen Vaksvik i 1740-1741. For å finne ut hvem som er deres arvinger.

I begge tilfeller er barna umyndige så der bør være mulig å finne skifter. Disse umyndige barna vil som regel også ha oppnevnt en verge som stort sett er en myndig mannsperson i nær familie.

Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 26 Apr 2008 12:16:59    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Helge: Regelen om dåp innan åtte dagar står i Kristian Vs Norske Lov (Anden Bog, 5 Cap., 6.Art.): http://www.hf.uio.no/PNH/chr5web/chr5_02_05.html (jf også Art. 8 om heimedåp)

Så lenge vi berre kjenner dåpsdatoen, er det vanskeleg å seie om det vart halde.

Men frå ca. 1815-20 har vi både fødsels og dåpsdatoar. Ser vi på Ørskog 1817, ser vi at barna gjerne var 2-3 veker ved dåpen, og at regelen (som eg trur var oppheva på det tidspunktet). Ser vi til Volda (m. Ørsta) 1817, finn vi at svært få barn var over åtte dagar ved dåpen. Og ørstingar har reist til Volda og voldingar til Ørsta etter kvar den første gudstenesta var.

Då er det rimeleg å tru at det var ein skikk som var innarbeidd, og som hadde vore praktisert medan det var eit lovpåbod også. Det forklarar også at Knut Skøye tek med sonen til Ørskog, istaden for å vente til neste gudsteneste i Skøye.

Norske Lov seier også at vigslar normalt skal vere i bruda sitt heimesokn (2 Bog 8 Cap, Art 5), og at barselkvinner skal halde seg inne i 5-6 veker før dei gjekk i kyrkja (Art 9)
http://www.hf.uio.no/PNH/chr5web/chr5_02_08.html
Praksisen for det siste ymsa ein del, men i Volda/Ørsta 1741-60 kom dei fleste frå 4 til 7 veker ettter dåpen (10% seinare, 24% tidlegare).
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 26 Apr 2008 14:13:08    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Superlativet som beskriv innsatsen omkring kartlegginga av Ellev Knudsen er enno ikkje oppfunne! Her er det 'harde fakta' i massevis. Kanskje kan det i neste omgang gi grunnlag for endring/supplering av bygdebøkene? Med så mykje opplysningar som no ligg føre gjeld det å halde tunga rett i munnen. Remi skriv:
'Jeg tror neste steg for Kai må være å få sjekket om der er skifter i skifteprotokollene etter Knud Ellefsen Ytre Skodje i 1749-1750 og skifte etter Knut Andersen Vaksvik i 1740-1741. For å finne ut hvem som er deres arvinger.

I begge tilfeller er barna umyndige så der bør være mulig å finne skifter. Disse umyndige barna vil som regel også ha oppnevnt en verge som stort sett er en myndig mannsperson i nær familie.'
Ja, då vil eg ved første høve oppsøkje biblioteket i Ålesund og sjå kva som finst der.
Takk igjen for uvurderleg hjelp Laughing
Helsing Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 26 Apr 2008 16:18:45    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Håper du vil skrive her om og hva du finner. Smile

Lykke til.

Ta med digitalt kamera, dersom noe er vanskelig å tyde, ta bilde av det og legg ut hele eller deler av det her på forum. Kanskje vi i fellesskap kan komme fram til hva der står. Håper det i så fall er mulig å ta gode bilder av det du ser på skjermen.

Adressen min finner du her, dersom du trenger den:
Lenke til adresse.

Hilsen Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 26 Apr 2008 16:59:37    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ja, eg skal legge ut det eg måtte finne! Elles ser eg i boka 'ØRSKOG KOMMUNE 1837 - 1937 at prestane frå 1759 er nemnde:
Niels Astrup 1759-1792
Nicolai Astrup 1792-1802
Joachim Kjelstrupb1802-1818
Lauritz Jessen 1818-1829
Henning Kaurin 1830-1839
Fredrik Krabbe 1840-1864
---------- osv.
At ein prest kan ha kome i skade for å skrive eit namn feil, er vel uungåeleg. Eg veit ikkje om det er noko i at ein del prestar på den tida var glad i 'det sterke' - og kanskje det av og til kunne virke inn???
Helsing Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 26 Apr 2008 20:04:49    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Sidan vi også held oss på 1730-talet, bør vi vel ta med Hans Jacob Hjort, som var sokneprest 1720-58,
http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lampe&sideid=7 29&storleik=

I Borgund med Skøye var soknepresten 1721-41 ingen ringare enn Peder Strøm, http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lampe&sideid=7 41&storleik=
og deretter Augustinus Meldal (som var personellkapellan for Strøm frå 1724) sokneprest til 1774
http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lampe&sideid=7 42&storleik=

Prestar flest var neppe spesielt drikkfeldige, sjølv om det sikkert fanst unnatak. Attesten for Meldal som Lampe siterer, er iallfall tillitsvekkande nok. Men prestar kunne (kan) både gjere, høyre og skrive feil. Og - som fleire av oss stadig demonstrerer - treng ein korkje vere prest eller drukken for å gjere det.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 01 Mai 2008 11:57:00    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

I går var eg innom biblioteket i Ålesund. Skifteprotokoll for 1740 greide eg ikkje å finne, sjølv med god hjelp frå folk på biblioteket. Der var fram til 1739, og så vidare frå 1741. Vil skrive til Statsarkivet i Trondheim og spørje om dette. Eg fann derfor ikkje noko om Knud Andersen Vaksvik.
Men Knud Ellevsen Ytre Skodje fann eg. Skiftet var den 15. mai i 1750. Det var ikke så lett å lese, men det som står i begynnelsen er namnet på han: Knud Elevsen, den attlevande kona Anne Knudsdatter. Vidare står det '3 Børn', og namna på dei:
Ole Knudsen gammel 16 aar
Elleve Knudsen gammel 13 aar
Giertrud Knudsdatter (alder ikkje oppgitt såvidt eg kan sjå)
Seinare i skiftedokumentet er der berre disse 3 borna som er nemnt. (Gutane arvar det doble av dottera). Born frå 1. ekteskap er ikkje nemnt.
Alt tyder då etter det eg kan forstå på at det er denne Ellev som er min 3x tippoldefar. Men korleis denne Knut Andersen Vaksvik er komen inn som far til 'min' Ellev er ei gåte, og etter kyrkjeboka døydde han i 1740. Får vente å sjå om Statsarkivet finn ut noko om evt skifte i 1740/41. Legg ved eit digitalfoto av første del av skiftet. Kvaliteten er ikkje god. Må prøve med papirkopier neste gong eg er på biblioteket.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 18 Nov 2004 10:47:39
Innlegg: 2662
Bosted: KRISTIANSUND N

InnleggSkrevet: 01 Mai 2008 12:34:04    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Alle de gamle skifteprotokollene er mikrofilmet. Lenke til mikrofilmen. Det ser ut til at det er ei lakune i skifteprotokollen akkurat for året 1740.

Men av og til ble kan det være nevnt skifter i tingboka. Du kan jo sjekke der for året 1740 og se om det er nevnt noe om det.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 01 Mai 2008 14:30:38    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Vart en svært interessant debatt dette.

Denne Gjertrud som er arving etter Knud Ellefsen Ytterskøye lurer jeg på kan være den Gjertrud Olsdtr Ytterskøye som er døpt 1.nov 1727 i Skodje.

Her var det jo så mange Oler og Knuter at det ikke er så rart om det også her har blitt en feil.

Finner ingen Gjertrud Knudsdtr født rundt 1727, men i komfirmasjonslisten for 1745 dukker Gjertrud Knudsdtr 18 år opp. Altså stemmer det med alder.født 1727.

I så fall er dette halvsøster til Ellev og kanskje ho som kommer til Abelvig og som er nevnt som fadder ved et av Ellev Knutsen Løset sine barn.


Vh Helge
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 01 Mai 2008 15:25:25    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Var det noko å dele på etter Knut i 1750? I så fall skulle barn frå første ekteskap hatt arvelut(ar) på linje med Anne sine barn. (Gjertrud kan ha vore frå første ekteskap).

Elles: Det er ikkje mykje i det som har kome fram, som peikar mot at Eilif Knutson Skøye var same person som Eilif Knutson Løset. Det einaste(?) er vel namnet og alderen- og det er litt knapt.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 01 Mai 2008 19:14:07    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ivar Ertesvåg skrev:
Elles: Det er ikkje mykje i det som har kome fram, som peikar mot at Eilif Knutson Skøye var same person som Eilif Knutson Løset. Det einaste(?) er vel namnet og alderen- og det er litt knapt.


Det er jeg helt enig med deg i, Ivar, men samtidig så er det bare bygdebøkene Ørskog gjennom tidene og Gardssoga for Sykkylven som påstår at Eilif Knutsen Løset er sønn av Knut Andersen Vaksvik, og hvor forfatterne har funnet kilder til dette vet vi ikke. Så det er ennå ikke funnet (av oss) primærkilder som kan bekrefte at Eilif var sønn av Knut Andersen Vaksvik heller.

Slik jeg ser situasjonen nå, så er sannsynligheten for hvem av dem som er far til Eilif like stor eller like liten, inntil vi finner en primærkilde som kan bekrefte det.

Hilsen Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 01 Mai 2008 19:42:21    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ja, Helge det er ikkje berre du som synest at det er blitt ein interessant debatt! Og til Ivar, eg skjøner godt kva du meiner - at vi ikkje har prov for at Ellev Knudsen frå Skodje er han som kom til Løset. Du spør om der var noko å dele i skiftet i 1750. Det eg greier å lese er eit par sider det er opplista og taksert eigedeler. Eldste sonen Ole får utlagt eigedeler for 3 rd? 3 o? 3 3/5 s? (er usikker på einingane som står etter tala) Det same får sonen Ellev, medan Giertrud får utlagt for 2 - 4 - 9 1/2. Eg tenkte (moderne tankegang) at sidan Giertrud stod nemnt til slutt var ho yngst. Men det var kanskje vanleg då å nemne dottera etter sønene, sjølv om ho var eldre? Eit anna poeng er at der står ein Ole Abelvig som formynder for Ole Knudsen ved skiftet i 1750. Lars Abelvig er ein av fadderane til Ellev Knudsen (frå Skodje) i 1735. Gjertrud Abelvig er ein av fadderane til Knud Ellevsen (på Løset) 19. april i 1772. Men kan sjølvsagt vere tilfeldig med samband til Abelvig både på Skodje og Løset.
Ellev Knudsen på Skodje er døypt 1. nov 1735. Han er nemnd i skiftet etter faren i 1750, og konfirmert i 1752. Alderen passer med (66 år) på Ellev Knudsen på Løset i 1801. No har eg funne gravfestinga for Ellev Knudsen Løset 8.aug.1802. Der er alderen oppgitt å vere 66 år, som stemmer godt. (fylte 67 først i slutten av okt 1802, om det er Ellev frå Skodje), øvst side 589:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15985&idx_id=15985&u id=ny&idx_side=-245

Eg har sendt spørsmål til Statsarkivet om skifte etter Knut Andersen Vaksvik, død 1740
Helsing Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 01 Mai 2008 19:48:48    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Enig, Remi. Innlegget ditt kom medan eg skreiv.
Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 01 Mai 2008 20:45:47    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Skal vi stole på skiftet (og det må vi).

Så må det vel være en feil i bygdebok for Skodje i følge referat Ingmar lenger oppe.

Den Ole f 1727 og gift 1758 kan vel ikke være sønn til Knut Ellefsen Ytre Skodje når han ikke er med i skiftet.

vh Helge.


Sist endret av dn11511 den 03 Mai 2008 10:12:55, endret 1 gang
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 01 Mai 2008 22:16:37    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Eg lurer på om vi kan tolke det som står om dei tre barna i skiftet. Eg greier så langt som til den 8. linja: " [Mørche-]set paa den Eene Siide og d.. .... / .... ... ... 3 Børn .... / Ole Knudsen " osv. Ofte står det noko om "i lovleg ekteskap sammenavlede..." e.likn. i skiftet.

Kai: Gjertrud står naturlegvis (etter den tids mål - du er alt for moderne) sist fordi ho er jente.... Det er ikkje noko i vegen for at ho er eldst. Verje var ofte slektningar, men kunne godt vere nære grannar - og Abelvik er nær. Det viktige var at det var vaksne menn med godt omdøme.
Og, ja, det er dalar-ort-skilling. (1 rd =4 ort=96 skilling)


Helge: Dersom Ole er den Ole Remi fann dp. 28.feb 1733, skulle han vere 17 år ved skiftet - men det gjer ikkje nokon stor skilnad - han var uansett umyndig. Det skal meir til for å skrive feil alder på ein Ole f. 1728 - og som 22-åring (mellom 18 og 25) ville han vere personleg myndig (men ikkje over eigedom), og skulle ha fått oppnemnt "kurator", ikkje formyndar som her. (Døtre måtte - naturlegvis - ha verje til dei vart gifte.)

Det kan sjølvsagt tenkjast at Knut vart far til ein Ole f. 1728 - men om han levde i 1750, skulle han ha vore med i skiftet.
... og som du seier: Ole og Knut er ikkje akkurat uvanlege namn (av døypte guteborn i Volda/Ørsta 1741-60 var det 14% Ole og 8% Knut!)

Remi: Eg er samd i at tilknytinga til Vaksvik er like tynn; og i tillegg manglar vi ein med same namn og alder derifrå. Men mangel på alternativ gjer ikkje tilknytinga til Skøye meir solid.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 02 Mai 2008 12:43:38    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Jeg tror du skal ta deg en tur tilbake til skifteprotokollene på biblioteket, Kai, og se etter om der er skifter etter disse 2 mulige mødrene til Ellef Knudsen.

Anne Knudsdatter Yttre Schoue blir begravd den 28. jan. 1766, Lenke, se nesten nederst ve. side. Hun er 74 år gammel. Kan være skifte etter henne i løpet av 1766-1767.

Den som er begravd 9.nov 1768 som Helge viser til i innlegg av 25. april 08 kl. 10:04 heter Anne Knutsdatter Mørkeset i kirkeboken og står også nevnt i bygdeboka for Skodje under Mørkeset, bind 2, side 120, gift med Tore Ellefsen Mørkeset. Hvilket betyr at den som har lagt inn de opplysningene på FS har tatt feil. Ikke uvanlig når det gjelder den type databaser på FS.

Anne Knudsdatter Waxvig sin begravelse har jeg vist til tidligere og var den 30. april 1769, Lenke, midt på venstre side. Det kan være skifte etter henne i løpet 1769-1770.

Ved begge datoene er Ellef voksen og allerede gift på Løset, så dersom der er skifter etter mødrene, så vil han stå i skiftet med bosted Løset. Håper du har flaks og at skiftene står der.

En annen ting er at dersom noen av Ellef sine søsken dør i voksne alder uten å ha giftet seg eller fått barn, så vil søsknene være deres arvinger og vil stå i deres skifter. Men nå ser det vel ut til at de søsknene som voskte opp ble gift både barna fra Ytre Skodje og barna fra Vaksvik.

Hilsen Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 02 Mai 2008 19:22:59    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ja, det er klart eg må tilbake til biblioteket! Både for å prøve å få betre kopi av skiftet etter Knud Ellevsen i 1750, og leite etter dei to Anne Knudsd.
No har eg sett i 'Borgundboka' som omtaler Olsvik. Der står det:
'Bruksnr. 5, Andersgarden.
Vart fråskilt Bruk ll i 1740 (sjå ovanfor).
1. Knut Torsteinsen (1707 - 49), br. 1740 - 49, 1740 g.m. Marit
Rasmusdtr. Blindheim (f. 1714). Skiftebuet etter Knut 59 rdl.,
gjeld 25 rdl. Marit oppattgift 1750 med
2. Ole Knudsen Ytre Skodje (d. 1774, 48 år), br. 1750 - 74.'

Meir forvirring, eller...?
Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 02 Mai 2008 20:30:39    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Er Skodjeboka rett her?
den Ole Knutsen f 1727 som er oppgitt med far Knut Ellefsen må være feil.

Remi har ovenfor funnet en Ole med far Knut Pedersen Ytre Skodje. Det er vel mest trolig at det er denne som er gift til Borgund.

Og dermed kan han selvsagt ikke være med i skiftet etter Knut Ellefsen.

Har gått over fødsler 1725-1728 Skodje og finner ingen annen Ole Knudsen Ytterskodje enn han som har far Knut Pedersen.

Vh Helge
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 02 Mai 2008 23:49:11    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ole Knudsøn Olsvig sin begravelse står her i kirkeboken for Borgund den 6te Novembr 1774.

d. 6te ejusd. Md. Ole Knudsøn Olsvig, gl. 48 aar, mindre 11 uger.

Hvilket skulle bety at han burde være født rundt 22. januar 1727. Som skulle passe veldig bra med den Ole jeg fant tidligere.

Hilsen Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 11 Mai 2008 11:43:01    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Det har blitt nokre timar på biblioteket. Leita etter evt. skifte etter Ane Knudsdatter Yttre Schoue, gravfesta 28. jan. 1766. Dette har eg ikkje funne. Men det kan vere der, utan at eg har funne det. Har ikkje funne register, og då kan det vere lett å oversjå. Det er heller ikkje alltid kronologisk på mikrofilmane.
Så har eg leita etter Anne Knudsdatter Waxvig, gravfesta 30. apr.1769. Trudde eg hadde flaks der - men nei. Det stemmer ikkje. Det ser ut for meg at ho var gift 2 gonger, først med ein Thor, og så Lars. Borna frå første ekteskap Jens Thorsen Waxvig, Peder Thorsen Søeholt, Brithe? Thorsdatter. I andre ekteskap Joen? Larssen 16 aar, Jens Larssen 10 aar.
Nokon Ellev finn eg ikkje - og har vel heller ikkje vore gift med nokon Knut.
Legg ved første del av skiftet. Legg også ved pånytt skiftet etter Knud Ellevsen Yttre Schodie 1750. Prøvde med digitalkamera forrige gong, no har eg teke kopi frå skjermen. Det er nok litt betre.
Helsing Kai.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 11 Mai 2008 15:23:55    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Eg har framleis problem med å tolke dei siste teikna på 8. og 9. linja (jf innlegg 1.mai), men elles får eg det til " paa den Eene Siide og den N(?)/Mands efterladte 3 Børn ..../ Ole" osv

Anne Knutsdotter Vaksvik hadde ingen born (som levde). Skiftet er "imellem / hændes igenlevende Mand Lars / Larsen ibm paa den eene Siide og /den afdødes Arvinger, skriver(?) 1) / halfbroder Jens Thorsen Waxviig, Myndig, 2) halfbroder Peder Thorsen Søeholdt/ Myndig, 1 Halvsøster Brithe / Thorsdatter, død og efterladt sig ...:" (så følgjer Brite sine born - far deira heiter også Lars...).

Så kan du sjå kor godt bygdeboka stemmer med dette....
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 11 Mai 2008 17:20:00    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Anne Knudsdatter hadde halvsøskjen ('half Broder og half Søster'), same mor, men ulike fedre. Takk for oppklaringa, Ivar. Men vi er like langt (kort).
Når det gjeld skiftet etter Knud Ellevsen greier eg heller ikkje tyde det som står på linje 8 og 9. Har lurt på ' I Egteskab afflede 3 Børn' men får det ikkje heilt til å stemme med ortografien. Prøver å forstørre opp.
Helsing Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 11 Mai 2008 17:50:57    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

"efterladte" er greit nok - samanlikn m. "efter" lenger oppe. Ordet etter "3 Børn" ser ut til å byrje på ein L, men det høver dårleg med ein "lang" bokstav etterpå. Det siste på 8.linja tilkar eg til ein "N" (for "nevnte" e.likn), men det er ikkje nokon annan N å samanlikne med.

Du veit så mykje at denne Anne Knutsd. Vaksvik ikkje var mor til Eilif.... I tillegg kan du sjå om bygdebokskrivaren har sett dette skiftet.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 11 Mai 2008 20:50:42    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Nei, denne Anne Knutsd. var ikkje mor til 'min' Ellev. Det må vi vel kunne fastslå då. Og det kan vel heller ikkje vere ei anna Anne Knutsd. Vaksvik det var skifte etter same året.
I bygdeboka for Ørskog er det ikkje vist til noko skifte.
Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 12 Mai 2008 11:38:28    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Det har etterkvart blitt mange innlegg med svært mange opplysningar - takk vere god hjelp frå mange. Eg får sterkare kjensle av at Ellev Knudsen frå Skodje er 'min' Ellev. Skal prøve å resymere litt:
Frå innlegg eg hadde 1. mai: 'Eit anna poeng er at der står ein Ole Abelvig som formynder for Ole Knudsen ved skiftet i 1750. Lars Abelvig er ein av fadderane til Ellev Knudsen (frå Skodje) i 1735. Gjertrud Abelvig er ein av fadderane til Knud Ellevsen (på Løset) 19. april i 1772. Men kan sjølvsagt vere tilfeldig med samband til Abelvig både på Skodje og Løset.'
Når ein ser på kartet i Skodjeboka er det berre nokre få hundre meter mellom Ytre Skodje og Abelvik (begge ligg inne i Skodjevika). Desse gardane er då for grannar å rekne, og har sikkert hatt mykje samkvem.
Eg gjorde eit Google søk på Gjertrud Abelvik, og finn då følgjande:
http://home.c2i.net/e-abelvik/Slektsbok/a_Slektsbok.htm
Kan det vere denne Ole Abelvik f. 1717 som er formyndar til Ole Knudsen i 1750? Og der er også namnet Gjertrud.
Ved dåpen til Ellev's datter Guri den 1. mai 1768 er ein av fadderane Ellev Wagsvig, side 1068, 6. linje nedanfrå:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-271
Men vi har tidlegare sett at Ellev Knudsen kallar seg for Løset alt ved trulovinga og vigsel i 1760. Så der må ha vore ein annan Ellev Vaksvik - som ikkje er Ellev Knudsen Løset. Og i skiftet etter Anne Knudsd. Vaksvik fann vi ingen Ellev. Kva sambandet med Vaksvik ellers er, har eg ikkje funne.
Men det endelege provet for at 'min' Ellev er Ellev frå Skodje har vi vel ikkje.
Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 13 Mai 2008 18:59:48    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Som sagt.... mangel på (kjende) alternativ gjer ikkje ei slutning meir solid. Ein kan bruke slike opplysningar som spor til vidare leiting. Men å gjere slutningar på slikt grunnlag er ei trygg oppskrift på å finne blindvegar.

Det var vanleg (iallfall litt lenger sør på Sunnmøre) at grannar var faddrar. Og Abelvik er granne til Sjøholt. Når det er ein fadder som ikkje er granne (som ein fadder frå Abelvik for dåpsbarn frå Løset), er det grunn til å undersøkje kva slag samband det er.

Slektsboka inneheld ingen kjeldetilvisingar, så det er vanskeleg å seie kor pålitande ho er. Men du kunne kanskje teke kontakt med forfattaren? (han må vere "godt voksen", sidan han hadde fotoapparat i 1938).

... og Anne... namnet var endå meir vanleg enn Ole; over 15% heitte Anne. Der kan godt ha vore minst ei Anne Vaksvik til.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 15 Jul 2008 20:44:23    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Eg var 2 gonger til på biblioteket i Ålesund for å leite etter skifte. Når det gjeld ’Vaksviksporet’ er status:
Skifte etter Anne Knudsdatter Vaksvik i 1769 som er referert tidlegare her på tråden nemner ingen Ellev.
Skiftet etter Knud Andersen Vaksvik, død 1740 finn eg ikkje. Skreiv til Statsarkivet i Trondheim, og svaret er:
’ Det stemmer at det ikkje er innførsler for 1740 i skifteprotokollene for Sunnmøre. Protokoll nr. 9 sluttar 17.01.1739 og protokoll 10 startar 01.02.1741. Det er mogeleg at det er en protokoll som er gått tapt, eller at det ikkje er ført skifteprotokoll dette året. Det finst heller ikkje skiftedokument dette året. Det er meir truleg at skifteprotokollar / dokument kan ha gått tapt på eit eller anna vis enn at det finst skifter i tingbøkene.’

Altså finn eg ikkje samband til Vaksvik via skifte.

Vaksvik er nemnd ved eit par høve: Elleve Ped. Waxvig er forlover for Ellev Knudsen Løset i 1760, s. 981, midt på sida:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-211

Ellev Waxvig er fadder ved dåpen til Ellev Knudsens dotter Guri i 1768, 6. line nedanfrå:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-271


Når det gjeld skifte for ’Skodjesporet’ er status:
Skifte etter Knud Ellevsen Yttre Skodje i 1750 er også referert tidlegare. Og her er nemnd 3 arvingar: Ole Knudsen 16 år, Elleve Knudsen 13 år og Giertrud Knudsdatter (alder ikkje oppgitt).
Skifte etter Anne Knudsdatter Yttre Skodje har eg ikkje greid å finne, har leita gjennom mikrofilmane fleire gonger.

Namnet Abelvig/Abelvik har dukka opp ved fleire høve. Abelvik og Yttre Skodje ligg geografisk nær (grannar). M.a. er der ei Gertrud Abelvig som fadder til Ellev Knudsens son Knud, side 1149, nederst:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-297

Når det gjeld fadderar til Ellev Knudsens dotter Anne i 1775, side 27, 9. line ovanfrå:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15985&idx_id=15985&u id=ny&idx_side=-14
er der ei Gertrud Søvig.

Helge skriv (1. mai):
Denne Gjertrud som er arving etter Knud Ellefsen Ytterskøye lurer jeg på kan være den Gjertrud Olsdtr Ytterskøye som er døpt 1.nov 1727 i Skodje.

Her trur eg er eit viktig ”funn”. Eg fekk idéen å prøve å finne denne Gertrud Søvig. I Nabobygda til Ramstaddal (der Ellev Knudsen slo seg ned på Løset), heiter Søvikdal. Kanskje kunne denne Gjertrud finnast der? Og her er ho, side 291 i Gardssoga for Sykkylven, bd 4:
’Elling Nilssen sk. 2/8 1786
g 1767 Gjertrud Knutsd. Ytre Skodje grf. 9/1 1803, 75 år
Br 1767-1786, enkja til 1787
Born: 1. Knut f 1768, soldat i 1787
2. Elling f 1771, g p br
Bygselsetel på 2 mællag 20/11 1767 frå Charlotte Amalie Abelset. Sk. 1786: Brutto 30 rd, netto 15 rd. Enkja g
Nils N ilssen f ca. 1754
g 1786 ek. Gjertrud Knutsd. Øvre Søvik f ca. 1728 d 1803
Br 1787-1801
Barn: Anne.
Bygsla 1 pd 21 mk 9/1 1788 av Christen Abelset. Kår til Anna Nilsd. Nils
var kusk i det militære i 1787.’

Ho er oppgitt å vere 75 år i januar 1803. Då kan det vere henne Helge har funne, døypt 1. nov. 1727, og at det skal vere Knudsdatter, ikkje Olsdatter.
Giftermål Gjertrud Knudsdatter YtterSkodje 31 okt 1767, øverst høgre side:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15999&idx_id=15999&u id=ny&idx_side=-44

Dåp Knut, Gjertruds son i 1768, side 1102, heilt nederst:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-273
Og kven står som første fadder? Jau, Elleve Løset.

Dåp Elling, Gjertruds son i 1771, side 1140, 7. line ovanfrå:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&u id=ny&idx_side=-292

Og her er Gertrud Abelvig fadder.

Eg har ei ster kjensle av at Ellev Knudsen Ytter Skodje og Gjertrud Knudsdatter Ytter Skodje er søskjen eller helst halvsøskjen, men det endelege provet manglar. Kanskje må eg til Statsarkivet i Trondheim ein gong, slik Ivar skriv.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Des 2004 05:14:55
Innlegg: 1668
Bosted: KONGSBERG

InnleggSkrevet: 15 Jul 2008 23:08:40    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Jeg synes du gjør en kjempeflott jobb, Kai. Du er etterrettelig og følger opp de sporene du finner, og samtidig er du flink med å få med kildene.

Stå på, kanskje løsningen finnes der et eller annet sted. Jeg tror du er på rett spor. Bare husk at det er enkelte ting som er umulig å finne ut av fordi kildene er borte.

Fortsatt god sommer.

Hilsen Remi
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 05 Nov 2008 12:21:08    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ein fin sommer er over og dermed vert det meir inneaktivitet. Jakta på Ellev Knutsen sitt opphav har resultert i mange interessante innlegg her på forumet, kanskje ikkje så lett å halde oversikta. Gjennombrotet manglar, sjølv om eg personleg ei tid har hatt kjensle av at ’Skodjesporet’ er mest sansynleg.
I siste innlegget mitt 15.07.08 er der ein del opplysningar som kanskje kan tyde på at Ellev Knutsen Ytter Skodje og Gjertrud Knutsdatter Ytter Skodje er søskjen, evt halvsøskjen. Rekapitulerer litt: Ved dåpen til Gjertruds eldste son Knut er Elleve Løset nemnd først av faddrane. Ved dåpen til Ellev Knutsens dotter Anne er Gertrud Ytter Skodje, gift Søvig ein av faddrane. Dei to familiane budde ikkje i same bygda, og det kan styrkje mistanken om at der var slektskap?
I skiftet etter Ellev Knudsen Løset i 1802 står m.a. dette: ’ Den afdødes Arvinger ere følg. nemlig.
1. Hans igienlevende Enke Martha Paulsdatter med laugværge Elling Ellings. Øvre Søevig i Valde Skibr.’

Og Elling Ellings. Øvre Søevig er son til Gjertrud, sjå innlegget 15.07.08. Kvifor er ein mann frå nabobygda henta inn? Kan det vere pga slektskap – at Elling er søsterson til han det er skifte etter?

Då Gjertrud Knutsd. vart enkje, og det er skifte etter mannen, Elling Nilssen i 1786 er Nils Nilssen laugverge for henne. Denne Nils Nilssen gifter ho seg med seinare i 1786, midt på side 277, trulovinga oppe på side 266:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15985&idx_id=15985&u id=ny&idx_side=-89

Kanskje er Nils Nilssen bror til 1. mannen Elling Nilssen? Dette har eg ikkje funne ut av.
Skiftet etter Elling Nilssen er svært vanskeleg å lese, skrifta er veldig svak. Best er det å lese direkte på leseapparatet, men også dette er veldig vanskeleg. Eg prøvde å ta kopi frå leseapparatet, men det er så dårleg kvalitet at det ikkje er råd å lese. Eg prøvde å ta bilde med digitalkamera. Heller ikkje det gjekk så bra, og kanskje burde eg ikkje vise det her på forumet, men det er det beste eg få til, dessverre.

Eit stykke nede i teksten står:
’ Søn Knud Ellingsen gl. 18 Aar
med Formynder …………….. Ellev Knudsen
Løset ei tilstæde’

Kva ….. står for er det store spørsmålet. Då eg sat ved leseapparatet lurte eg på om det kunne vere ’Morbroder’ Men eg var usikker, kanskje ønskjetenking!

Det som er faktum er at dei går til nabobygda for å finne laugverge og formynder. I andre skifte har eg sett mange døme på at det er nære slektningar i desse posisjonane.
Korleis skal eg tolke dette?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 05 Nov 2008 13:02:51    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

hmmm... dette var ikkje så lett å lese - spørs om du må ta ein haustferiedag i Maskinistgata i Trondheim.

Eg trur det siste ordet før Ellev er "Curator". Eg er meir usikker på det du har lest som "Formynder" (Det kan evt. vere "Formynder eller Curator" - men det er meir gissing enn tyding.)

Ugifte menn over 18 år, men under 25 år, var "myndige", men "mindreårige". (Gifte menn var fullt myndige uansett alder). Det innebar m.a. at dei ikkje kunne disponere formue/arv fritt, og fekk oppnemnt ein "kurator". Ugifte kvinner (uansett alder) og gutar under 18 år var "umyndige" og fekk oppnemnt ein "formyndar".
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 05 Nov 2008 15:40:14    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Takk for svar, Ivar! Ja, dett var vanskeleg. Når du skriv Maskinistgata reknar eg med at det er der ein finn originaldokumentet, og kanskje får ein lov å sjå om det er lettare å lese der i enkelte høve? Eg spurde i Statsarkivet ein gong om kopi av eit skifte, men fekk då som svar at protokollar som er mikrofilma vil dei ikkje ta fram, for ikkje å skade dei.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 08 Des 2008 20:55:17    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ad tyding i skiftet etter Elling Nilssen.
Eg skreiv til Statsarkivet i Trondheim og spurde om dei kunne vere snill å sjå om den aktuelle setninga var lettere å lese i originaldokumentet. Fekk dette svaret tilbake i dag:

Nederst på fol. 60 i Sunnmøre skifteprotokoll 19 (1785-8Cool står det: "Søn Knud Ellingsen gl. 18 aar med Formynder eller Courator Ellev Knudsen Løset, ej tilstede."

Dvs Ivar hadde rett, og vi kan vel då ikkje konkludere om evt slektskap.
Helsing Kai
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 10 Jan 2009 13:04:15    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

I innlegg 25. april 2008 skriv Remi:

'Den 13. okt. 1731 trolover han seg med Anne Knudsdatter (Skodje kirkbok, side 12, hø. side). Hun står som "føer besofvet" Forlovere er Corporalen Knud Siursøn Ytter Schove og Siur Zachariesøn ibidm. (Disse navnene har vi vært bort i før som faddere)
Den 19. jan 1732 gifter han seg med Anne Knudsdatter, før besovet. (Side 47, ve. side.)'

Under Public absolv i kyrkjeboka Borgund/Skodje 1724 står dette:
' Løverdagen d. 12 Febr. blev Anne Knudsdatter af Abelvig publica absolverit som er besovet af een Soldat, nafnlig Ole Arneson Lande som boer ved Abelviig'
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15999&idx_id=15999&u id=ny&idx_side=-172

Og for døypte den 8 april:
'Løverdagen d. 8 Apriil, bededag ved Skøye blef døbt Anne Knudsdatter Abelviigs uægte barn, N: Karen som var besofvet af Ole Arnesøn Abelviig, Een Soldatt. Barnets faddere vare: Størker Knudsøn Storhaug: Nils Abelviig: Anne Ellefsdatter Abelviig bar det Siri Arnesdatter Langnæss: Anne Knudsdatter Abelvig'
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15999&idx_id=15999&u id=ny&idx_side=-158

Korleis gjekk det så med 'lille Karen'?
Vi finn henne att her:
'Domca XII à Trinit. Holdtes Liig Prædichen ofver et liidet barn, N: Karen Olsdatter fød paa Abellviig, som var 1 fierding aar og 14 dage'
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15999&idx_id=15999&u id=ny&idx_side=-138

Dette er nok forklaringa på at ho er karakterisert som 'føer besofvet'
Det eg stusser på er at ho (sansynlegvis) er oppført til sist av fadderane, og har då møtt? i kyrkja kort tid etter fødselen. Noko som ikkje var lov/vanleg. (Sjå innlegg Ivar 26 april 2008). Heller ikkje kan eg sjå ho mellom dei introducerte i 1724.

Noko anna som eg synest er interessant er barnefaren Ole Arnesøn. Den 12 febr. er etternamnet Lande (Lande er nær ved i Ørskog kommune). Og at det står 'boer ved Abelviig'.
Den 8 april er han kalla Ole Arnesøn Abelviig. Dette passer med det eg har høyrt før - at dei tok etternamnet der dei bodde. Altså nærmast som adresse. Har høyrt om personar som har bytta etternamn både 3 og 4 gongar, ettersom dei har flytta.
Kanskje er det derfor Ellev Knudsen er kalla Vaksvik?
Og så eit moment til: Vi har sett at der var nært samband med Abelvik. I tilleg til at Ytre Skodje og Abelvik ligg nært geografisk, ser vi at Anne Knutsd. var frå Abelvik.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 10 Jan 2009 14:39:04    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Kai Løseth skrev:

Dette er nok forklaringa på at ho er karakterisert som 'føer besofvet'
Det eg stusser på er at ho (sansynlegvis) er oppført til sist av fadderane, og har då møtt? i kyrkja kort tid etter fødselen. Noko som ikkje var lov/vanleg. (Sjå innlegg Ivar 26 april 2008). Heller ikkje kan eg sjå ho mellom dei introducerte i 1724.


Anne vart heilt sikkert ikkje innleidd; " Dog egte Qvinder allene ledis i Kirken af Præsten " heiter det i lova (art. 9 siste lenkja mi 26.april).

Eg ville ikkje sagt at det var "sannsynleg" at det var mora som var fadder. Først og fremst fordi faddrane skulle vere "ærlige og uberygtede Folk" - og ugifte mødre var ikkje det. Det andre er at ho skulle "halde seg inne" for ei periode. For det tredje ville det vore enklare og meir presist å skrive "barnets moder".
Meir enn kvar 7. jente/kvinne heitte Anne, og om lag kvar 12. gut/mann heitte Knut - så Anne Knutsdøtre må det ha vore fleire av. Det er godt mogeleg at det fanst to i Abelvik.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 10 Jan 2009 15:22:56    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Eg kan ikkje nok om Publique absolution, og det er ikkje lett å forstå tankegangen, synest eg. Karen vart døypt 8. april, og vart ’1 fierding aar og 14 dage’. Det skulle vel bli 3 ½ mnd. ’Domca XII à Trint’ var kanskje juli/aug? Karen vart vel då fødd ein av første dagane i april, vil eg tru.
Det vil seie at Anne var høggravid då ho møtte til kyrkjetukt. Eg har oppfatta det slik at dei då fekk forlating for sine synder – etter det Ivar skriv hefta vel ’ugjerninga’ med dei seinare, trass i dette.
Men det står ikkje at Ole Arneson fekk kyrkjetukt. Eg har høyrt at soldater kunne ’forbryte’ seg ein gong utan å få straff. Nokon som veit?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 10 Jan 2009 18:25:03    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Eg skulle ha lese litt lenger nedover (heilt til slutt for 1724). Der står:
'Løverdagen d. 8. April blev den Soldat Ole Arnesøn Abelviig publice absolverit som har begaaet leyermaal med Anne Knudsdatter ibidem. hand var een gift mand'
Det var same dagen som dottera Karen vart døypt.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 10 Jan 2009 18:37:35    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

http://www.ub.uib.no/elpub/1995/h/506002/groB/gro6.html

I denne linken står det en god del, blant annet dette:


"Ved et kongelig benådningsbrev av 1671 ble soldater fritatt for åpenbart skriftemål og leiermålsbøter. De slapp imidlertid ikke unna militær straff. For første gangs leiermål skulle de sitte åtte dager i jern, for andre gangs leiermål straffes på kroppen. Dersom soldaten gjentok forseelsen skulle straffen skjerpes[15]. Hensikten med benådningsbrevet var at soldater som hadde begått leiermål skulle unngå å bli ruinert av de høye leiermålsbøtene."


Vil ellers oppmuntre deg videre og håpe du kan komme frem til en konklusjon om Ellev Knutsens opphav.

Det er vel også en vitenskap som heter sansynlighetsberegning som kan komme til anvendelse Question Very Happy

Mvh Helge
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 10 Jan 2009 19:26:08    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Takk for responsen Ivar og Helge!
Lenka di Helge var veldig bra. Og ikkje minst - takk for oppmuntring Very Happy
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 3029
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 10 Jan 2009 19:45:32    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Ein liten ting til regelen Helge si lenkje refererer, om soldatar og leiermål: Det er uklart om dette gjeld både utskrivne ("vernepliktige") og verva soldatar, eller om det berre gjeld verva. Sidan det ikkje er nemnt særskilt (t.d. som "gevorbene soldat"), vil eg tru Ole "berre" var ein vanleg, utskriven soldat. At han også står til offentleg skrifte tyder på at regelen (i praksis?) berre galdt for verva soldatar.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 1920
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 10 Jan 2009 19:53:31    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Skylder forfatter av vedlagte lenke i innlegg ovenfor å vise til hvem som har produsert artikkelen:

http://www.ub.uib.no/elpub/1995/h/506002/

Sikkert mye godt stoff i disse elektroniske oppgavene.


Mvh Helge
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 07 Mar 2006 06:25:56
Innlegg: 647
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 09 Des 2010 00:39:44    Tittel: Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730 Svar med Sitat

Helge skriv 10. jan.2009:
Vil ellers oppmuntre deg videre og håpe du kan komme frem til en konklusjon om Ellev Knutsens opphav.Det var godt med oppmuntring! Eg har brukt ganske mange timar på leiting etter opphavet til Ellev Knutsen. Følte meg nokså sikker på at opplysningane i både Ørskogboka og Sykkylvsboka var feil. Alle indisier tyda på at han var Ellev Knutsen frå Skodje ytre, f 1835. Og som det står i skrifta: 'leit så skal de finne!'
Fleire kjelder er lagt ut på Digitalarkivet etter kvart, og i Pantebøkene har eg leita om igjen og om igjen etter bygselbrev for aktuelle år - men nei.
Så har eg begynt å leite i Tingbøkene - og i dag fann eg det!
I Tingbok for 1760, side 301a (høgre oppslag), linje 5-8:
http://www.arkivverket.no/URN:rg_read/31119/20
les eg:
Publiseret 1 Bøxel Seddel med Revers dat. 17 Decemb 1759 udstæd af Sr Christopher Abelset til Ellef Knudsen Schoudie for 1/2 vog 9 mk fiskl. i Gaarden Løesett, efter den Kongl. approberede affeldning?? (Kva står her?).
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er EET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group