Slektsforum Slektsforum
DIS-Norge
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 19 Jul 2006 02:17:02
Innlegg: 157
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 04 Okt 2008 17:06:22    Tittel: Anna Moritsdtr. F. 1617 Rygg, Gloppen Svar med Sitat

Hei lurer på om noen har kjennskap til denne damen.
Hennes far skal være en Morits Jensen F. 1685 Sørling, Jylland Danmark.
Vet ikke hvem hennes mor er.
Hun giftet seg med Jakob Olss. Bjørkedal fra Volda. Bosatte seg i Bjørkedalen, Volda.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 15 Jan 2008 09:22:34
Innlegg: 430
Bosted: ÅNDALSNES

InnleggSkrevet: 04 Okt 2008 23:30:58    Tittel: Re: Anna Moritsdtr. F. 1617 Rygg, Gloppen Svar med Sitat

Du må sjekke opp dine årstall i ditt innlegg... Far er født etter sin datter...

Sist endret av dn22148 den 05 Okt 2008 09:18:25, endret 1 gang
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 19 Jul 2006 02:17:02
Innlegg: 157
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 04 Okt 2008 23:59:10    Tittel: Re: Anna Moritsdtr. F. 1617 Rygg, Gloppen Svar med Sitat

Kan det være reinkanasjon...... Embarassed
Det skal jo selvsakt være Morits Jensen F. 1585

Takk Very Happy
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 06 Apr 2005 05:33:44
Innlegg: 54
Bosted: SANDANE

InnleggSkrevet: 05 Okt 2008 09:56:30    Tittel: Re: Anna Moritsdtr. F. 1617 Rygg, Gloppen Svar med Sitat

Hei Vibeke!
Denne dama kjenner eg til - ho høyrer til i anerekkja mi.
Faren Morits Jensson var fødd i Søring i Jylland i 1585 og døde ca.1639 i Gloppen.
(Segna seier at "Blodbytta" - ei mektig kvinne på Evebø - sytte for at han vart avretta)
Han var fyrst lensskrivar og seinare fut for Nordfjord.
Ei tid i 1620 åra budde han på Elvebakken i Gloppen, så flytta han til Rygg og budde i "Moritsgarden"der 1626 - 1639. Garden har framleis namn etter Morits.

Morits vart i 1613 gift med Margrete Jensdotter - ho var dotter til den kjende Jens Lesemester Doll i Bergen, ca 1547 - 1610. Han var gift med Elisabeth Pedersd. Krag f. ca 1550 - d. 3.11.1593.
Foreldra til Jens var Christen Sørfreson og Magdalena - død 18.09.1581

Foreldra til Elisabeth er Peder Simens Krag - han er død 30.12.1580 i Fana, Bergen
Var sokneprest i Fana. Kona hans var Kristine Andersd. ho levde i 1593.

Elisabeth sine besteforeldre på farssida er Simen Jakobson Krag og Karin (Karen) ho er ifrå Færøyane og døde 24.06.1567 i Bergen.

Jens Lesemester hadde vore kappelan ved domkyrkja i Bergen og lektor ved katedralskulen i Bergen. Då han engasjerte seg sterkt i og gjekk imot avrettinga av heksa Anne Pedersdotter i Bergen, fall han i unåde med presteskapet i Bergen og vart send til Nordfjordeid, som prest i 1602.
(Oppl og årstal frå "Jens Læsemester si dagbok" - som vart teke vare på - fram til vår tid)

Margrete og Morits hadde 11 barn. Kjenner namna til 4;
Anne f. 1617, g. med Jakob Olson Bjørkedal f. 1610,

Maren f. gift med Frants Olson Rødset, f. ca 1610 på Bjørkedal. Han var lensmann og dei budde på Rotset i Volda. "Bordstova" som no står i Ristegarden på Rotset, vart tidlegare kalla tingstova eller futestova og er truleg koma frå futegarden i Gloppen

Asseline nemnd i 1648

Jens Moritson var brukar av "Moritsgarden" på Rygg i 1649
Han hadde ei dotter Anne, f. 1649 som vart gift med Peder Hansson Sande på Sande i Gloppen. Ho har etterslekt der.

Anne Moritsdotter hadde med seg stort heimafylgje då ho gifta seg med Jakob Olson Bjørkedal og flytta til Bjørkedalen. Idag finst det att 3 bøker etter Anne, og ei stor kiste, ein ring i sølv skal vere i Ulvestadfamilien - utan at eg har funne fram til den. Eit måleri av Anne Moritsdatter vart utlånt til utstilling i "Henni Onstad senteret" og sidan har ingen sett det eller veit kvar det er. Ein mann som vart gift med ei enkje på "Moritsgarden" Bjørkedalen var med i ei sekt som kalla seg "Clausianarar" han arrangerte bokbål for å verte kvitt dei syndige bøkene og andre gjenstandar som Anne hadde hatt med til garden. Andre ting knuste han eller selde til oppkjøparar. (Oppl. frå dei som bur på garden).

Jakob og Anne fekk 8 barn. 3 døde som småbarn og 4 vart busett rundt om i Volda og den 5 var kjøpmann i Bergen. Ingen av barna til Anne busette seg på Bjørkedalen
Eg har aner attende til Maren Moritsdotter på Rotset og til Anne Moritsdotter ved sonen Ole , som flytta til Høydalsvikane
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 19 Jul 2006 02:17:02
Innlegg: 157
Bosted: ÅLESUND

InnleggSkrevet: 05 Okt 2008 13:49:49    Tittel: Re: Anna Moritsdtr. F. 1617 Rygg, Gloppen Svar med Sitat

Takker. Very Happy

Men vet du noe om sagnet, hvorfor han ble avretta?
Futer var jo ikke populære, var han en særs tøff en kanskje?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 14 Feb 2011 02:08:20
Innlegg: 35
Bosted: OSLO

InnleggSkrevet: 14 Okt 2012 17:50:51    Tittel: Re: Anna Moritsdtr. F. 1617 Rygg, Gloppen Svar med Sitat

Du har kanskje allereie funne dette, men når det gjeld borna til Morits Jensson og Margrete Jensdotter, 12 i alt, er alle med unntak av Morits f. 1630, ført inn i Calendarium Historicum av faren Morits.
Kun to gonger har Margrete skrive i denne boka; ved sonen Morits sin fødsel, og ved mannen Morits Jenssons død i 1639.

Jens Moritsson bruka garden på Rygg fram til midten av 1650-talet, og er i tingboka 1656 nemnd som "Jens Morisen vdi Bergen". Ei dotter Anne gift med Peder Hansson Sande.
Kirsten Moritsdotter er i 1642 fadder for systerdotter Kirsten Jakobsdotter i Volda, og er nemnd koppskatten 1645 under Rygg.
Agnete Moritsdotterer nemnd i tingboka 1657 angåande ei sak mot Anna Seime.
Dødsfall til berre eit av borna er ført inn i boka; Morits Moritson døde fire mnd. gamal i 1627, og er gravlagd ved Gimmestad Kyrkje.
Tillegg 16/10-12: Etter gjennomgang av innføringane i C.H, ser eg at også sonen Peder Moritsson blei "fra denne Jammer Dall Kaldet", like etter fødselen.
Asseline er nemnd under Rygg i 1645, og lånte saman med broren Morits pengar til Jørgen Panter i 1648.
(Jørgen Jørgensson Panter gifta seg om lag 1679 med vermor til Anne Moritsdotter, Eli Jakobsdotter på Rotset i Volda)

Lenke: Anne Moritsdotter

Lenke: Morits Jensson

Lenke: Calendarium Historicum

Anne og Maren Moritsdtr. som vart gifte i Volda, samt Anne Jensdtr kjenner vi altso etterslekta til. Kjenner nokon lagnaden til dei andre borna?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er EET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group