Slektsforum Slektsforum
DIS-Norge
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 19 Feb 2008 11:05:06
Innlegg: 7
Bosted: OSLO

InnleggSkrevet: 09 Apr 2012 19:21:46    Tittel: Gards- og ættesoge for Os? Svar med Sitat

Finst det noko slikt som ei Gards- og ættesoge for Os? Og er det i så fall nokon som kan leita opp nokre opplysningar for meg?

Eg leitar i kyrkjebøkene for Os prestegjeld etter dåpen til ei Magdela Olsdatter.

Ho vart gift med Niels Hansen i 1798. I kyrkjeboka står det at ho var frå «Lepsøen», som vel må vera garden Lepsøy i Os.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11622&idx_id=11622&u id=ny&idx_side=-80 (Nokså langt nede på fyrste sida.)
Magdela og Niels budde på garden Gaupholm i Samnanger og begge døydde der i 1852.

Ut frå alder ved gravferda skal ho vera født omlag 1773, og ut frå folketeljinga i 1801 skal ho vera født omlag 1777, så eg kan vel konkludera med at ho er født ein gong på 1770-talet.

Eg har mista litt motet på å bla gjennom alle sidene for 1770-talet i kyrkjeboka og lurer på om nokon kan hjelpa meg med å snevra inn årstalet litt, dersom denne oplysninga finst i ei bygdebok.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 18 Jun 2005 09:59:02
Innlegg: 9
Bosted: OS

InnleggSkrevet: 19 Apr 2012 21:31:48    Tittel: Re: Gards- og ættesoge for Os? Svar med Sitat

Ikkje berre finst det ei gards- og ættesoge for Os, men Os-soga av Nils Tveit frå 1932 (tre bind, pluss eit tilleggsbind frå 1993 redigert av Marta Tveit), vert av mange rekna som skuleeksempelet på ei bygdebok og har blitt mal for mange andre bygdebøker over heile landet.

Dessverre finn eg ikkje nokon Ola eller Ole i Os-soga under Lepsøy (som i byen og av fintfolk blei kalla "Lepsøen") med ei dotter som heiter Magdela.

Den einaste personen eg ser som kan tenkjast å høve ut ifrå det omtrentlege fødselsåret du har funne for Magdela, er Ola Vinsjanssen Lepsøy (f. 1726), men han busette seg i Bergen og forsvann ut or Os-soga. Alt som står om han, er at han var gift og at han i 1773 var i hertenesta i København. Det er vel ikkje utenkeleg at Magdela kan ha vore hans dotter.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 31 Jul 2012 09:30:01
Innlegg: 2386
Bosted: Sverige

InnleggSkrevet: 19 Apr 2012 22:20:45    Tittel: Re: Gards- og ættesoge for Os? Svar med Sitat

En "Ole Vincentzen Lepsöen" gifter sig med "Brithe Aamundsdtr. Tveit" den 24/6-1750 i "Os" : http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&fil namn=OSVIGDE&gardpostnr=622&merk=622#ovre
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 31 Jul 2012 09:30:01
Innlegg: 2386
Bosted: Sverige

InnleggSkrevet: 20 Apr 2012 01:19:38    Tittel: Re: Gards- og ættesoge for Os? Svar med Sitat

Og her gifter sig enkemand "Ole Wincentzen" 2 g. med "Rangele Stephensdtr." den 23/11-1755 i "Os", og de finnes senere i "Bergen" som nävnt ovenfor : http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=OSVI GDE

"Magdela" behöver ikke nödvendigvis väre datter til "Ole Wincentzen Lepsöen", bare for att hun er oppfört med "Lepsöen" i vielsen, hun kan muligens ha värt i tjeneste der. Rolling Eyes
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 18 Jun 2005 09:59:02
Innlegg: 9
Bosted: OS

InnleggSkrevet: 20 Apr 2012 19:09:55    Tittel: Re: Gards- og ættesoge for Os? Svar med Sitat

Den siste Digitalarkivet-opplysninga frå Svehn var nyttig. I den oppføringa står Ola V. nemleg med "Indre Hauland" som etternamn. Og under garden Indre Haugland finn me han faktisk att i Os-soga, ettersom han bygsla bruk nr 4 der frå 1751 til 1757! Der står det òg at han hadde to døtre, éi med kvar av hustruene sine. Men båe døtrene fekk namnet Brita, står det.

Dermed kan det sjå ut som Ole Vincentzen Lepsøen (Ola Vinsjansson Lepsøy) er eit blindspor m.h.p. Magdela Olsdotter Lepsøen. Men det står endå meir i Os-soga: Ola kom i strid med grannen sin om slåtteteigane, så i 1757 flytta han til Bergen og busette seg der. Sidan flytta han til København for godt, der me finn han i 1773. Han var då soldat og hadde kone og tre born. Ola kom ikkje attende til Noreg, står det. (Men det står ikkje om nokon av borna hans heitte Magdela eller om dei seinare flytta til Noreg.)
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 31 Jul 2012 09:30:01
Innlegg: 2386
Bosted: Sverige

InnleggSkrevet: 20 Apr 2012 19:50:58    Tittel: Re: Gards- og ættesoge for Os? Svar med Sitat

Jeg finner 3 barn på "Ole V." og "Rangele S." i "Bergen/DK".

"Stephan" år 1760 : http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&fil namn=dp12011668&gardpostnr=24179&personpostnr=70784&merk=70784#ovre

"Marthe Malene" år 1761 : http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&fil namn=dp12011668&gardpostnr=24448&personpostnr=71591&merk=71591#ovre

"Anne Marie" år 1763 : http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&fil namn=dp12011668&gardpostnr=24831&personpostnr=72740&merk=72740#ovre
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 03 Des 2010 10:52:08
Innlegg: 55
Bosted: ÅRLAND

InnleggSkrevet: 21 Apr 2012 15:40:03    Tittel: Re: Gards- og ættesoge for Os? Svar med Sitat

Nokre opplysningar om Nils Hansson Gaupholm 1768 -, Samnanger. Han var son til
Hans Larsson Gaupholm, av Gjønaætt.
Det står nesten to sider om Nils (Jannbroki, som husmannsplassen hans var kalla) i gards og ættesoga for Samnanger av Nils Lauvskard, side 787. Det meste av dette handlar om Nils og svigermora, Anna Larsdtr.
Mor til Magdela heiter altså Anna Larsdtr.
Anna Larsdtr var frå Nordstrøno, fødd 1746 -, var fyrst gm Ola Rasmusson 1740 -, frå
ytre Drange, som budde i Askvik, plasset Hildershamn.
Det står ein god del om desse folka i Os bind II, side 325 og 395.
Nils Hansson Gaupholm og Magdela Olsdtr hadde seks born.

Med helsing
Bjarne Hauge
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 31 Jul 2012 09:30:01
Innlegg: 2386
Bosted: Sverige

InnleggSkrevet: 21 Apr 2012 17:35:42    Tittel: Re: Gards- og ættesoge for Os? Svar med Sitat

Dette oppslaget i bygdebok var veldigt viktigt Smile , for jeg hadde siden i går 2 kandidater, "Madli Olsdtr." födt 1773 og "Magdele Olsdtr." födt 1776, begge "Os".

Her er da dåpen til "Magdele" i juni år 1776 i "Os", v. side ca. midten, foreldre er "Ole Rasmussen" og "Anna Larsdtr." : http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11620&idx_id=11620&u id=ny&idx_side=-135
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 31 Jul 2012 09:30:01
Innlegg: 2386
Bosted: Sverige

InnleggSkrevet: 21 Apr 2012 17:45:10    Tittel: Re: Gards- og ættesoge for Os? Svar med Sitat

Og her er konfirmasjonen til "Magdela Olsdtr. Hillershavn" (17 år) år 1793 i "Os", h. side nr.19 : http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11624&idx_id=11624&u id=ny&idx_side=-9
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 19 Feb 2008 11:05:06
Innlegg: 7
Bosted: OSLO

InnleggSkrevet: 21 Apr 2012 18:41:36    Tittel: Re: Gards- og ættesoge for Os? Svar med Sitat

Takk for god hjelp!

Eg har funne ut at Anna Larsdatter, mor til Magdela, gifta seg opp att og busette seg på Lepsøy, så då heng soga saman!
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er CET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group