Slektsforum Slektsforum
DIS-Norge
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 29 Jan 2011 05:33:46
Innlegg: 123
Bosted: MOLDE

InnleggSkrevet: 22 Mar 2012 15:22:13    Tittel: Henning Christophersen Abelseth - hjelp til å finne skiftet Svar med Sitat

Henning Christophersen døydde som prest i Haram 1774, gravferd 29.06.1774. Kyrkjeboka s. 93, første spalte, nr. 6 ovanfrå

Magnar Kruse Bjørge skriv i Familien Abelseth på s. 12 at Henning døydde på Haram prestegard, Kjerstad, og at det på skiftet etter han var ein brutto på 9.527 rd.

Eg har leitt og leitt etter dette skiftet, men til no utan resultat. Eg vil vere svært takksam om nokon kan hjelpe meg med å finne skiftet.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 04 Nov 2009 03:39:27
Innlegg: 215
Bosted: BØ I TELEMARK

InnleggSkrevet: 24 Mar 2012 22:58:10    Tittel: Re: Henning Christophersen Abelseth - hjelp til å finne skif Svar med Sitat

Jeg har dessverre ikke noe å melde om selve skiftet etter Henning Christophersen Abelseth, men skiftet etter hans kone Marta Margrete Abelset gir også relevant informasjon. Du skriver ikke noe om dette skiftet, så jeg tillater meg å linke det opp her. Gi beskjed om dette forstyrrer tråden som spesifikt etterspør Hennings skifte, så sletter vi bare innspillet.

Skiftet starter 11 Des 1793 på gården Tonning i Innvik, og er ført i Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord prosti, Skifteprotokoll 2, 1784-1809 fra side 4a. Her fremkommer det en forskjell fra M.K. Bjørges Abelseth-framstilling som du har linket i ditt åpningsinnlegg, der det står at: "Hun (Margrete Marie Nagel Abelset) døde 15/11-1793 på Eid i Nordfjord hos søsteren Anna Laurentse Nagel, g.m. sognepr. Samuel Bugge Leganger." Men i skiftet etter henne står det "Velædle Madame Martha Margaretha Abelseth, Enke af S: P: Hr Henning Abelseth fordum Sogne Præst til Haram Kald i Sundmørs Provstie, der, efterat hun i 4 aar har opholdt sig hos hendes Svoger S: P: Hr Ole Tonning, er ved døden afgangen den 15de Novembr: sidste:, og har efterladt sig 3de Sønner og 4 Døttre namlig ..."
Her er det vel noen som kan kommentere både hennes egentlige navn, hvilken svoger hun faktisk bodde hos på det siste, og hvilket år hun døde. Jeg leser "sidste" i skiftet til 1792, mens Bjørge har henne på 1793 (i så tilfelle veldig raskt med skifteforretning kun en måned etter dødsfallet).

Skiftet kontinuerer på side 29a, og på side 34b starter utleggingen. Det fremkommer at formuen etter henne var på 5486 rd, og etter fordringer blir det igjen 5167 rd til deling mellom arvingene. Det kunne jo passe bra med et skifte etter hennes mann Henning på 9500 rd, der enkens havpart ville være på 4750 rd (godt røktet i 20 år så er det vel ikke umulig med 5486 rd).

Det er også en innføring på hennes nest yngste datter Charlotte Amalia Abelseth, i Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord prosti, Skifteprotokoll 1, 1748-1811, side 24a (av 1799). Overskrift "Jomfru Charlotte Amalia Abelseth arvet efter hendes Moder Mad:me Martha Margretha Abelseth den Capital - 516 rd 71 6/11 s.". Her nevnes det videre at "Hr Joachim Krey, Kiøbmand paa Gaarden Gamlem paa Sundmør, der tillige er formynder for den Arv, bemeldte Jomfru Abelseth er tilfaldet efter hendes fader Hr Henning Abelseth . . ., men ingen skiftehenvisning til denne farsarven dessverre.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 14 Nov 2004 07:33:25
Innlegg: 1242
Bosted: SØVIK

InnleggSkrevet: 25 Mar 2012 00:28:59    Tittel: Re: Henning Christophersen Abelseth - hjelp til å finne skif Svar med Sitat

God aften Roy

Roy skrev:
Gi beskjed om dette forstyrrer tråden som spesifikt etterspør Hennings skifte, så sletter vi bare innspillet


No er det ikkje eg som har lagt ut den opprinnlige etterlysninga, men å tru at du "forstyrrer" nokon ved å komme med dette innspillet er fullstendigt skivebom Laughing

Det er slik forumet fungerer, ein tråd her og ein tråd der og brått er det nokon som blir oppmerksomme på dette og dei har kanskje dei rette svara.

Det er mange vegar som fører til Rom og du bidrar med ein av dei. Laughing

Mvh
Ingmar Cool
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 29 Jan 2011 05:33:46
Innlegg: 123
Bosted: MOLDE

InnleggSkrevet: 26 Mar 2012 00:09:53    Tittel: Re: Henning Christophersen Abelseth - hjelp til å finne skif Svar med Sitat

Hei, Roy.

Eg var kjent med skiftet frå Nordfjord, og var i utgangspunktet berre ute etter det tidlegare skiftet etter Henning. Då eg la ut peikaren til ”Familien Abelseth” tenkte eg berre at MKB omtalar dette skiftet, og ikkje på at det her også er grunn til å ta opp fleire spørsmål. Det var difor fint at du tok opp dette.

Namnet til enkja etter Henning må vere Marte Margrete Nagel (eller Martha Margareta Abelseth som det står i skiftet frå Nordfjord). Ho er m.a. også ført inn med dette namnet i kyrkjeboka for Haram ved dåpen av Charlotha Amalia 21.06.1756 .

Etter kyrkjeboka for Eid døydde Marte Margrete i 1793. I kyrkjeboka er det ført inn at ”Præste Enke Madame Abelsæt” døydde 56 år gammal den 23.11.1793. (Ho må truleg ha vore noko eldre enn 56 år? I motsett fall ville ho ha vore svært ung då ho gifta seg – 13.07.1750 etter det Lampe opplyser.)

På skiftet i Nordfjord er det opplyst at ho døydde 15. november. Datoen 23.11 kan då vere gravferda.

Sidan skiftet starta på Tonning i Innvik må ein vel kunne leggje til grunn at ho budde der då ho døydde 15.11. At dødsfallet er ført inn i kyrkjeboka for Eid må vel tilseie at ho vart gravlagt der 23.11?

På Tonning budde dottera Maren gift med Sr. Ole Pedersen Tonning. Han var ikkje prest. Hr. Samuel Bugge Leganger i Eid døydde 8. juli 1792 iflg Lampe som også opplyser at ettermannen vart utnemnt 07.09.1792. - Kan det her vere ei samanblanding mellom presten og svigersonen når det på skiftet står at ho har budd i 4 år hjå "S. P. Hr. Ole Tonning"? Kan det vere slik at ho (tidlegare) budde hjå søster og svoger i Eid, men flytte seinare til Tonning der ho døydde?

Eit anna spørsmål: Kvar gifta dei seg?
Lampe skriv at Henning og Marte Margrete gifta seg 13. juli 1750, men han seier ikkje noko om kvar dei gifta seg. Magnar Kruse Bjørge skriv at dei gifta seg på ”Svanøen i Sunnfjord”. Dette trur eg ikkje stemmer. Eg finn ikkje at dei gifta i Svanøy, og heller ikkje i dei andre sokna i Kinn. Eg har ein mistanke om at dei kanskje kan ha gifta seg i Holmedal der Henning var sokneprest før 1755. Men det finst ikkje kyrkjebøker frå den tida for tidlegare Holmedal (no Gaular og Fjaler), så det må i tilfelle avklårast på annnan måte.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 29 Jan 2011 05:33:46
Innlegg: 123
Bosted: MOLDE

InnleggSkrevet: 26 Mar 2012 12:39:41    Tittel: Re: Henning Christophersen Abelseth - hjelp til å finne skif Svar med Sitat

I tilknytning til ovanståande kan eg nemne at eg også er noko usikker på døypenamnet til den Maren Abelseth som var gift med Sr. Ole Pedersen Tonning.

Lampe skriv at Maren var fødd i 1759.

I ”Familien Abelset” s. 16-17 gjev MKB dei same opplysningane.

Av ovannemnte skifte (starta 11.12.1793) går det fram at Ole Tonning var gift med dottera Maren Henningsdotter.

Av kyrkjeboka for Borgund går det fram at "Unge Karl Sr. Ole Peders. Taaning fra Nordfiord” gifta seg med ”Demselle Maren Abelseth" ”Hiemme i Huuset paa Søvig-Gaard” 27.01.1778 etter kongeleg løyve av 2. januar.

Marte Margrete og Henning Abelseth fekk ei dotter som vart døypt i Haram 4. oktober 1759. Men ho vart ikkje døypt Maren. Ho vart døypt Massi.

Ho vart konfirmert i Haram 13. august 1775, framleis med namnet Massi.

Er det den same frøkena som ca. 3 1/2 år seinare hadde endra namnet til Maren (før ho gifta seg med Ole Tonning)? Kva er opplyst i skiftet etter Henning? Maren? Massi? Eller begge?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 29 Jan 2011 05:33:46
Innlegg: 123
Bosted: MOLDE

InnleggSkrevet: 23 Apr 2012 14:55:36    Tittel: Re: Henning Christophersen Abelseth - hjelp til å finne skif Svar med Sitat

Til dei som måtte ha interesse av det, kan nemnast at eg til no har funne tinglyst samfrende skiftebrev for jordegods med verdiar på til saman 7.087 rd., alle tinglyste på sommartinga 1796.

Eg har funne desse:

I Hjørundfjord skipreide:
(Achlestad?) 300
Hundeide 180
Hædahlen 300
Sum i Hjørundfjord 780 rd.

I Valle skipreide:
Furrestrand 25
Opsahl 25
Sum i Valle 50 rd.

I Vatne skipreide:
Ytre Farstad 255
Indre Farstad 240
Søre Fiertoften 765
Tenøen 100
Kanibaldrøen (?) 35
Helle 165
Aarvigen 120
Faneløb (?) 50
Ulla 220
Yte og Indre Hildre 400
Hellevig 80
Sum i Vatne 2.430 rd.

I Grytten skipreide:
Synnes 1100
Røsvigen 300
Tærrøen (?) 90
Engeseth 150
Stette 270
Storhoug 130
Gruten 85
Gamblem 507
Bueholmen 35
Søevigen 840
Sum i Grytten 3.507 rd.

I Borgen skipreide:
Maaseidvog 140
Leerstad 180
Sum i Borgen 320 rd.

Korreksjonar for feilskrivne gardsnamn vert mottekne med takk!

Magnar Kruse Bjørge opplyser at bruttoen i buet var 9.527 rd. Eg går då ut frå at han har funne fleire skiftebrev med samla verdiar på til saman 2.440 rd.

Det finst kanskje skiftebrev også for lausøyret?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 10 Des 2004 11:15:36
Innlegg: 2002
Bosted: REKDAL

InnleggSkrevet: 23 Apr 2012 15:51:33    Tittel: Re: Henning Christophersen Abelseth - hjelp til å finne skif Svar med Sitat

Kanibaldrøen (?) 35

Dette må være Hanibalsøya. Naboøy til Tennøya og i følge Vatne 2 hadde Hanibalsøya samme eiere som Tennøy frem til 1798.

Under Tennøy står det sitat:

".. frå 1757 Henning Abelset og arvingane hans. I 1792 selde Abelset-familien. Dokumentet om dette er noko uklårt, men truleg kjøpte brukaren i Sørigard heile øya i sitt navn, men skjøtte Nordigard over til brukaren der, som selde til kjøpmann Danholm..."

Når det gjelder nabogarden Helle så var den også i Abelsetfamiliens eie. Fra Abelsetfamilien arvet Siri Stegen (hvem det nå var?) 2/3 av garden i 1792.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 29 Jan 2011 05:33:46
Innlegg: 123
Bosted: MOLDE

InnleggSkrevet: 28 Apr 2012 13:38:56    Tittel: Re: Henning Christophersen Abelseth - hjelp til å finne skif Svar med Sitat

Godt at Helge fekk fjerna kannibalen. Very Happy

Eg ser at lista ovanfor har fleire feil enn det eg trudde då eg la ho ut. M.a. må "Hædahlen" under Hjørundfjord vere "Sletdahlen" (eller "Sletdahl" i FT1801 for1522 Jørring Fiord). Og ved nærare ettersyn ser eg at også fleire av verdiane er feil.

Ovanståande liste vart nedskrive etter notatar frå då eg leitte etter skiftebreva, og fokus var nok då meir retta mot å finne skiftebreva enn mot det korrekte innhaldet. Lista skulle klårt ikkje ha vore lagt ut i denne form utan nærare kontroll. Men gjort er gjort; no får eg berre leve med det. Sad Eg veit heller ikkje om, eller når, eg får tid til å utarbeide korrekt liste, og kan berre åtvare mot at det her er fleire feil. Slik det no er kan lista berre reknast som liste over dei tinglyste skiftebreva som eg har funne, og innhaldet i skiftebreva må lesast ut frå originalen som eg har lagt ut peikar til.

Det er truleg fleire tinglyste skiftebrev enn dei som eg så langt har funne. Opplysningar om fleire skiftebrev vert mottekne med takk.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er EET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group