Slektsforum Slektsforum
Slekt og Data
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 25 Mar 2009 10:03:36
Innlegg: 502
Bosted: ELNESVÅGEN

InnleggSkrevet: 27 Mai 2013 22:21:12    Tittel: Hans Erikson og Marit Olsdotter på Stubøgeilen i Eidsvåg Svar med Sitat

I bind 4 av Gards- og ættesoge for Nesset har forfattaren ingen opplysningar om opphavet til desse to personane. Men Marit Olsdotter var enke i 1802 da Hans Erikson gifta seg med henne (Permanent pagelink: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16036&idx_id=16036&u id=ny&idx_side=-227). Her er Hans Erikson forsynt med påskrifta f Røe (betyr vel at han var fødd på Rød?), men det er truleg han som er tenar på Jordfall i 1801. Same året heldt enka Marit Olsdotter framleis til på Øyen, med sonen Knut og ein son Ole som ikkje er nemnt i bind 4. Sonen Knut var altså ikkje sonen til Hans Erikson, men til førre ektemannen, Hans Knutson, som hadde vore husmann under Øyen. Da sonen Knut vart fødd i 1795 er han omtala som Hans Knutson Holen. Det er skifte etter han i 1799 som "Hans Knutson husmann under Øyen".
Feilen som er gjort i bind 4 har også spreidd seg til bind 11 side 160. Knut Hansson f 1795 vart gift på Lange med Ingeborg Nilsdotter. Her står det og at faren heitte Hans Erikson. Det er altså feil.(Eg har plassert dette innlegget her fordi det ikkje er lagt inn nokon plass til korreksjon av bydebøkene for Nesset på forumet for korreksjon av bygdebøker).
Hans Knutson Øyen og Marit Olsdotter er nemnt under Øyen i bind 3 side 145. Her er sønene Knut 1795 og Ole 1707 nemnt, og det er nemnt at Hans Knutson døydde i 1799. Her står det og at Marit Olsdotter vart oppattgift med Hans Erikson Rød i 1802, son til skulehaldaren Erik Larsson på Rød omtala i bind 1 side 459, ei opplysning som eg sjølv nett fann i kyrkjeboka. Opphavet til Hans Knutson og Marit Olsdotter er det ikkje nemnt noko om.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er EET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group