Slektsforum Slektsforum
Slekt og Data
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 23 Nov 2016 07:14:08
Innlegg: 59
Bosted: LEIKANGER

InnleggSkrevet: 09 Mai 2017 20:22:09    Tittel: Sykkylven. Kven var mor til Ole Olsen Ekornes sine barn? Svar med Sitat

Kven var mor til Ole Olsen Ekornes d. 1738 sine born?
Av bygdebok for Sykkylven bind 3 side 283, ser vi at Ole Olsen er ført opp med 6 barn. (Boka kan lastast ned frå Sykkylven historielag sine heimesider,
http://sykkylven.sogenemnd.no

Sjå vedlagte fil

Ei jente vart fødd i 1686 og så 5 barn fødde frå år 1700 -1712. Vidare seier bygdeboka at Ole vart gift i 1720 med Marte Nilsd Ramstad fødd ca. 1661.
Skal vi legge opplysingane over til grunn, er det mest truleg at Ole var gift tre gangar, først med mor til barn nr. 1 og deretter med mor til borna fødde frå 1700 -1712 og til sist i 1720 med Marte.
Eg har sett at fleire har ført opp Marte som mor (Myheritage ) til borna. I så fall må både fødselsår og år for inngått ekteskap vere feil.
Eg antar fødselsåret er estimert på grunnlag av det presten har ført inn i kyrkjeboka då ho døydde. (sjå nesten heilt oppe på venstre side)
https://media.digitalarkivet.no/kb20070831610593
Erfaringsmessig har eg sett at alderen ved dødsfall fort kan vere både 10 og 15 år for høgt sett.
Spørsmålet er om det er rett at Marte og Ole vart gift så seint som i 1720. Ut frå eit skifte veit vi at Marte var gift med Ole 30.04.1720. https://media.digitalarkivet.no/sk11216101309791
Kyrkjebøkene for Sykkylven finn eg skanna berre attende til hausten 1720.

Er det nokon som har meir eksakt kunnskap om kven som var mor/ mødre til Ole sine barn?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 12 Des 2004 02:08:07
Innlegg: 4146
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 10 Mai 2017 23:33:00    Tittel: Re: Sykkylven. Kven var mor til Ole Olsen Ekornes sine barn? Svar med Sitat

Her vart det stille....

Eg kan ikkje svare på spørsmålet.

Først: Kyrkjeboka for Ørskog prestegjeld (med Sykkylven sokn) er skanna frå 4.aug 1720 fordi det var den dagen ein ny prest kom i teneste i kallet. Han byrja på ei ny bok den dagen. Kva som enn fanst av eldre bøker, har gått tapt i mellomtida.

Dersom det er kjend at Ole og Marte vart gifte i 1720, bør det stå i denne kyrkjeboka. Det er er ikkje så mange andre mogelege kjelder for ei slik opplysning. Dersom dei står der, står det kanskje status for paret (ungkar/"pige", enkje(mann)).

Opplysningar i MyHeritage m.m. kan vere fri fantasi.

Frå tida før kyrkjebøkene finst det berre to kjelder til giftarmål som eg kjem på.
1) skifte etter ein slektning av ein av partane. Dersom dette var eit skifte innafor skipreida (her: Valle), vil ein bygdebokskrivar sannsynlegvis ha fått det med seg. Om det var utanbygds (Dale, Hjørundfjord, Borgund er dei næraste), kan dette vere meir uvisst.
2) når ei ugift jente/kvinne hadde fått arv, vart det oppnemnd ein formyndar dersom det ikkje var ein "fødd verje" (altså far, myndig bror, farbror, farfar) tilgjengeleg. Når ho gifta seg, var formyndaren si oppgåve fullført, for då tok ektemannen over. Overføring av formyndarskapen kan vere tinglyst og ført inn i tingboka. Dette er (truleg) ei lite brukt og ikkje så enkelt tilgjengeleg kjelde (dvs. tingbøkene er tilgjengelege skanna, men ein må lese gjennom mykje tekst for å finne desse innførslene).

Sannsynlegvis vert du nøydd til å leite opp desse opplysningane sjølv - om dei finst.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding Besøk Medlemmets Nettside
Skjult navn



Ble registrert: 23 Nov 2016 07:14:08
Innlegg: 59
Bosted: LEIKANGER

InnleggSkrevet: 11 Mai 2017 15:50:33    Tittel: Re: Sykkylven. Kven var mor til Ole Olsen Ekornes sine barn? Svar med Sitat

Takk for tilbakemelding.

Du skriv følgjande: "Opplysningar i MyHeritage m.m. kan vere fri fantasi"
Akkurat det har eg sett utruleg mange døme på !

mvh Kjell
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er EET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group