Slektsforum Slektsforum
Slekt og Data
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 11 Des 2004 06:05:02
Innlegg: 9
Bosted: FARSUND

InnleggSkrevet: 07 Nov 2015 20:06:16    Tittel: Foreldre til Nils Jonsen Bruset, f. 1760 Svar med Sitat

Jeg søker foreldrene til Nils Jonsen Bruset, f. 1760 i Øksendal.

Nils var husmann på Bakken under Stormelkil fra 1792. Han ble gift med Anne Evensdatter Seter, f. 1758 i 1792.
Nils satt på Husbakken (Bakken) til 1813, da han flyttet til plassen Småskog under Øvre Jondal. Her døde han i 1823.
Jeg har fått oppgitt at hans far var Jon Jøstensen Engen, f. 1728 og at hans mor var av Rytter-slekt, men mangler dokumentasjon.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 23 Jan 2007 11:36:49
Innlegg: 2510
Bosted: FØRDE

InnleggSkrevet: 07 Nov 2015 22:30:57    Tittel: Re: Foreldre til Nils Jonsen Bruset, f. 1760 Svar med Sitat

Dokumentasjonen på at Nils Jonsson f. 1760 var son til Jon Jøstensson Engen på Bruset, finst i dette skiftet etter broren Nils f. 1755 og kona hans Gjertrud Larsdotter (folio 300b):

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24663/26/?size=full&mode=0

I skiftet er søskena til den avdøde Nils nemnde, og namna stemmer med dei barna som det er kjent at Jon Jøstensson hadde. I skiftet ser vi òg at Nils (f. 1760) er oppført med namnet Øvre Jordal, dit han flytta (til plassen Småskog) etter å ha vore på Bakken (Husbakken).

Kona til Jon Jøstensson er nemnt som ukjent i Sunndalsboka. Men ho heitte Daaret (Dordi) Nilsdotter. I folketeljinga frå 1801 finn vi ho nemleg hos sonen på Stormjølkill:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&fi lnamn=f18011563&gardpostnr=91&personpostnr=2031&merk=2031#ovre

Det ligg ikkje føre bevis for at denne Dordi Nilsdotter var av Rytter-slekt. Ein hypotese om at ho kunne vere det, er rett nok sett fram.

Mvh. Knut.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 11 Des 2004 06:05:02
Innlegg: 9
Bosted: FARSUND

InnleggSkrevet: 09 Nov 2015 11:24:31    Tittel: Re: Foreldre til Nils Jonsen Bruset, f. 1760 Svar med Sitat

Takk for svar.
Kan det være riktig at Jon Jøstenson f. 1728 hadde to sønner med samme fornavn?
(Nils f. 1755 og Nils f. 1760) Begge levde jo opp.
Han hadde vel også en sønn som het Lars, som kom til Hoset i Kvernes?
Jeg beklager, men jeg er ikke i stand til å lese skifteprotokollen.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 23 Jan 2007 11:36:49
Innlegg: 2510
Bosted: FØRDE

InnleggSkrevet: 09 Nov 2015 21:16:49    Tittel: Re: Foreldre til Nils Jonsen Bruset, f. 1760 Svar med Sitat

Erik skrev:
Kan det være riktig at Jon Jøstenson f. 1728 hadde to sønner med samme fornavn? (Nils f. 1755 og Nils f. 1760) Begge levde jo opp.

Ved dåpen til begge desse barna er faren kalla Jon Bruset.

Mellom fadrane ved dåpen til Nils i 1760 finn vi Jøsten Engen, og han er nok identisk med Jøsten Halvorsson, far til Jon Jøstensson (nr. 7):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A01 (1752-1793), Fødte og døpte 1759-1761, side 30.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16131&idx_id=16131&u id=ny&idx_side=-13
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070914620692.jpg

Ved konfirmasjonen til dei to i høvesvis 1775 og 1777 har dei begge namnet Børset. Ifølgje bygdeboka (Sunndalsboka) var Jon Jøstensson brukar på Bruset fram til 1770, og på Børset i åra 1770–1782.

Så har vi dette skiftet der Nils Jonsson på Øvre Jordal er oppført som bror til Nils Jonsson på Myrset i Tingvoll (no Nesset).

At to i same søskenflokken fekk same namnet, var ikkje så uvanleg. Da auka sjansen for at eit namn vart ført vidare i slekta. Dette i ei tid der oppkallingstradisjonen stod sterkt, samtidig som dødstala, særleg hos spedbarn, kunne vere høge.


Erik skrev:
Han hadde vel også en sønn som het Lars, som kom til Hoset i Kvernes?

Det stemmer at Jon Jøstensson hadde ein son Lars som busette seg i Kvernes. (Denne sonen har ikkje kome med i Sunndalsboka.) I skiftet etter Nils Jonsson er han oppført med «Høgset i Qværnæs» som bustad. Sjå elles Gards- og ættesoge for Gjemnes under Høgset i bind 7 s. 623–624, og under Dønnem i bind 2 s. 15. Han var f. ca. 1750, og konfirmasjonen hans finn vi her i 1767 (nr. 5 under Øksendalen):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A01 (1752-1793), Konfirmerte 1759-1769, side 67.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16131&idx_id=16131&u id=ny&idx_side=-50
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070914620730.jpg

Mvh. Knut.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 25 Mar 2009 09:03:36
Innlegg: 464
Bosted: ELNESVÅGEN

InnleggSkrevet: 22 Nov 2015 16:53:49    Tittel: Re: Foreldre til Nils Jonsen Bruset, f. 1760 Svar med Sitat

Det er ikkje rett at Lars Jonson ikkje er nemnt i Sunndalsboka. Han er nemnt i bind 4 side 326 nedst. Her står det at Lars var gift med Sigrid Johansdotter Børset, og ho var med han til Gjemnes og dei vart etter ei tid gardbrukarar på Høgset, der dei har etterlekt den dag i dag.
I Sunndalsboka står det at Lars er ukjent. Det er vel først og fremst eit uttrykk for at bygdebokforfattarar ikkje har tid til å etterrøkje alle fakta. Men gardbrukaren før Lars på dette bruket var nettopp faren, Jon Jøstenson, tidlegare forpaktar på Bruset, fødd på Engen.

Nils Jonson Husbakken f på Bruset 1760 er min tiptipptipp-oldefar. Og eg kom til at han var sonen til Jon Jøstenson Engen lenge før skiftet etter broren Nils Jonson f 1755 var funne. Det var Jonny Lyngstad som først hadde kome over dette skiftet og kunne føre endeleg bevis for at dei to var brør frå Bruset. Alle som er nemnt i skiftet er attfunne og har etterslekt, unnateke den eine broren som det seiest skulle vere i Trondheim da skiftet fann stad.

Når det gjeld mora til søskenflokken på Bruset, Dordi Nilsdotter, så er det rett at det ikkje er funne eller kjent (for meg iallfall) eit dokument der dette vert slege fast med 100% at ho er ein Rytter. Men indisiane er så overveldande sterke at eg iallfall har lagt meg på det som sikkert. Og eg trur nok ein kan finne endeleg bevis for det i arkiva, noko eg ikkje har prioritert å gå i gang med. Eg ville bli svært, svært overraska viss det skulle vise seg at Dordi Nilsdotter ikkje er identisk med Dorothea Catharina Nilsdotter Rytter f 1731 i Stangvik. Eg har ikkje funne noko som motseier den oppfatninga.


Sist endret av dn19725 den 11 Jun 2017 22:23:25, endret 2 ganger
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 25 Mar 2009 09:03:36
Innlegg: 464
Bosted: ELNESVÅGEN

InnleggSkrevet: 22 Nov 2015 17:05:20    Tittel: Re: Foreldre til Nils Jonsen Bruset, f. 1760 Svar med Sitat

"Så har vi dette skiftet der Nils Jonsson på Øvre Jordal er oppført som bror til Nils Jonsson på Myrset i Tingvoll (no Nesset)."

Skiftet var vel etter Nils Jonson på Myrset, ikkje etter Nils Jonson på Øvre Jordal?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 23 Jan 2007 11:36:49
Innlegg: 2510
Bosted: FØRDE

InnleggSkrevet: 22 Nov 2015 18:38:53    Tittel: Re: Foreldre til Nils Jonsen Bruset, f. 1760 Svar med Sitat

Magnar skrev:
"Så har vi dette skiftet der Nils Jonsson på Øvre Jordal er oppført som bror til Nils Jonsson på Myrset i Tingvoll (no Nesset)."

Skiftet var vel etter Nils Jonson på Myrset, ikkje etter Nils Jonson på Øvre Jordal?

Hei Magnar. Ja - eg presenterte dette skiftet (etter Nils Jonsson på Myrset) i det første innlegget mitt, og det var det skiftet eg meinte å vise til i sitatet ovanfor. (Men setninga vart nok tvetydig.)

Når det så gjeld Lars Jonsson, er han som du påpeikar nemnt i bygdeboka, rett nok på ein annan stad enn den øvrige familien. Eg burde i staden ha skrive at han ikkje har kome med i søskenflokken under Bruset - jf. bind 4 s. 295. Da hadde det vorte korrekt.

Mvh. Knut.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 25 Mar 2009 09:03:36
Innlegg: 464
Bosted: ELNESVÅGEN

InnleggSkrevet: 11 Jun 2017 22:25:26    Tittel: Re: Foreldre til Nils Jonsen Bruset, f. 1760 Svar med Sitat

Grunnen til at Jon og Dordi døypte to av sønene Nils, er nok helst at Dordi var ei Nilsdotter og at mora til Jon også var ei Nilsdotter.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er CET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group