Slektsforum Slektsforum
Slekt og Data
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 22 Jan 2011 05:13:30
Innlegg: 71
Bosted: Ålesund

InnleggSkrevet: 20 Jun 2018 20:01:09    Tittel: Johan Laurits Galtung (1646-1721) og kone Leganger? Lind? Svar med Sitat

Svært mange slektstre der ute seier at Johan Laurits Galtung (1646-1721) frå Torsnes i Jondal var gift med Margreta Pedersdotter Leganger, dotter til sokneprest Peder Erikson Leganger på Hå i Rogaland. Nokre få foreslår slektsnamnet Lind. Eg har ikkje funne nokon som siterer kjelder.

No har eg sjekka bygdeboka frå Hå (Bind 1 Nærbø), og der har Peder Leganger seks born, ingen gift med Johan Galtung og ingen som heiter Margreta. Jan Tuxen (http://www.tuxen.info/leganger.pdf) har heller ingen Margreta, og han ser ut til å vera grundig med kjeldene sine.

Er der nokon som har informasjon eller kjelder som kan underbyggja eller forklara denne populære påstanden eller ei alternativ hustru?

Der var òg ei Margreta Pedersdotter Lind, men ho var etter bygdebøkene for Hå og for Time, gift med Tjøl Obrestad i Hå. Ho var dotter til Peder Kristensson Lind, sokneprest til Lye, og sonedotter til Kristen Lauritsson Lind, sokneprest til Hå. Ho hadde ei syster, Maren, som var gift med «ein i Farsund», (Time bygdebok), og ihht. Roskilde Historie (http://www.roskildehistorie.dk/stamtavler/adel/Galtung/Galtung-senere .htm) var Johan Galtung fødd i Farsund.

Idéar? Kjelder?
TIA
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 22 Jan 2011 05:13:30
Innlegg: 71
Bosted: Ålesund

InnleggSkrevet: 20 Jun 2018 20:59:24    Tittel: Re: Johan Laurits Galtung (1646-1721) og kone Leganger? Lind Svar med Sitat

OK. Eg fann det likevel. Lampe bind I har Margrethe i tillegg til dei seks borna i bygdeboka for Hå. Der er òg Peder Leganger og Karen Lind gift åtte år tidlegare, i 1669.

Men om nokon har fleire kjelder, so er eg stadig lysten på fleire Smile
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er CET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group