 |
Slektsforum DIS-Norge
|
| Vis forrige emne :: Vis neste emne |
| Av |
Innlegg |
Skjult navn
Ble registrert: 05 Sep 2008 07:11:07 Innlegg: 74 Bosted: OPPDAL
|
|
| Til Toppen |
|
 |
Skjult navn
Ble registrert: 29 Jun 2011 12:47:03 Innlegg: 38 Bosted: DRAMMEN
|
Skrevet: 17 Jun 2012 09:47:57 Tittel: Re: Hans Andersen Kalsnæs |
|
|
Når det gjelder Hans Andersen Kalsnæs ( - 1765) så har han et par etterkommere som er svært aktive her på forumet, og som formodentlig har mere kjennskap til ham enn det jeg har. En av disse, Erling Osvald Hagerup, har følgende på sin hjemmeside om denne Hans:
http://home.online.no/~hagerupe/grpf929.html
Her går det også fram at han var far til Anders Hansen Karlsnes, og som iflg. denne siden er født i 1717, ikke i 1723. |
|
| Til Toppen |
|
 |
Skjult navn
Ble registrert: 29 Jan 2011 05:33:46 Innlegg: 113 Bosted: MOLDE
|
Skrevet: 17 Jun 2012 18:22:29 Tittel: Re: Hans Andersen Kalsnæs |
|
|
Den heimesida som Bjørn Olav viser til, må brukast med varsemd. Den er eit produkt av si tid, og har både manglar og feil. Den har ikkje vore oppdatert på 8 år. Då var det tidkrevjande å leite etter opplysningar. Situasjonen i dag er ein heilt annan. Eg har i fleire år arbeidd med oppdatering, men det ser ut til å vere eit arbeid som tek svært lang tid, med den informasjonsmengda som no er lett tilgjengeleg. Kan hende bør eg fjerne desse sidene i mellomtida.
Fødselsåra både for Hans Andersen (ca 1681) og sonen Anders Hansen (ca 1717) er usikre. Dette er kalkulert ut frå opplyst alder ved død - noko som ofte kan vere fleire år feil.
Hans Andersen finn eg ikkje i manntalet 1701. Til no har eg ikkje funne ut kvar han var då, eller før den tid, og heller ikkje noko om opphavet hans.
Han var gift første gongen med Kari Pedersdotter (død ca. 1734). Det vart skifta etter henne 18.03.1734 (Skiftedesignasjoner Romsdal 1734, Trondheim stift og amt Lr2). Det vart skifta mellom attlevande ektemann "Hans Andersen Bue" og dei 4 borna: Peder, Anders, Jørgen og Marit. - Kari Pedersdotter var dotter av Peder Bjørnsen (f. ca 1650 - han var 51 år i 1701, død ca 1704, skifte etter han 07.03.1704) og Mali Jørgensdotter Haugen.
I sitt andre ekteskap var Hans Andersen gift med Sigrid Olsdotter, død 1778 på Kalsnes, gravfesta "Dnica Jubilitate" (10. mai) 1778 i Bud.
I skattemanntalet for ekstraskatten 1762 er Hans Andersen og Sigrid Olsdotter førte opp som "Andre hos sig havende Folk" på Kalsnes, matr.nr. 587, der sonen Anders var sjølveigar og budde saman med kona Marit Hansdotter og deira son Hans Andersen (1749-1768).
I skattematrikkelen 1723 er Hans Andersen ført opp som nr. 13 av dei som budde på "self Kiøbt Grunde", kjøpt frå garden Bergset.
I kyrkjestolen for Bud kyrkje (fol. 26a) er det opplyst at kyrkja i 1749 kjøpte "3de Grunder i Boe med Græshage til ogsaa med Bøxel": "1 beboes af Hans Anderssøn paa Klæppen", "2den af Lars Eriksøn paa Klæppen", "3die af Ingebrigt Arnaldsøn paa Hauen". Hans Andersen budde på Kleppen også etter 1749. Han bygsla då frå Bud kyrkje. Siste året han betalte bygselsavgift til Bud kyrkje var i 1754. (Frå dette året bygsla Aslak Olsen denne tomta.) Det var kan hende i 1754 han flytta til Kalsneset. Bud kyrkje kjøpte dei nemnde 3 grunnane av lensmann Hans Olsen. Kjøpet vart publisert på hausttinget 14. oktober 1750 for Vågøy (Protokoll nr. 3, fol 38b-39a). |
|
| Til Toppen |
|
 |
Skjult navn
Ble registrert: 05 Sep 2008 07:11:07 Innlegg: 74 Bosted: OPPDAL
|
Skrevet: 17 Jun 2012 18:47:43 Tittel: Re: Hans Andersen Kalsnæs |
|
|
| Takk til begge to. Dette var interessante opplysninger. |
|
| Til Toppen |
|
 |
|
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet Du kan ikke svare på emner i dette forumet Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet Du kan ikke laste opp filer til dette forumet Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet
|
Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group
|