Slektsforum Slektsforum
DIS-Norge
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 23 Jan 2007 12:36:49
Innlegg: 404
Bosted: FØRDE

InnleggSkrevet: 29 Des 2012 16:44:20    Tittel: Bind 2/side 383-384 Pollen II Svar med Sitat

Her er oppført dei 13 barna som Eivind (Even) Toresson hadde i to ekteskap. Fleire av desse sønene og døtrene står det ikkje noko om skjebnen til. Det gjeld til dømes sonen Johannes, som ifølgje bygdeboka var f. 1771.

Det var skifte etter denne Johannes Evensson på Virom i Sunndal 23. mai 1803, og i skifteprotokollen går det mellom anna fram at han var dreng og ugift (folio 93):

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24656/101/?size=full&mode=0

I kyrkjeboka for Sunndal er det nok han (Johannes Virum) vi finn gravlagt våren 1803, sjølv om den oppgjevne alderen er fire år feil i forhold til fødselsåret (sjå nr. 7 under Øksendal på venstre side):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16132&idx_id=16132&u id=ny&idx_side=-91

Skiftet viser òg at Johannes hadde to søner, Johan og Jon, som begge var to år gamle. Mødrene var høvesvis Ragnhild Johansdotter på Valset og Ragnhild Pedersdotter på Virom. (Sjå folio 94, venstre spalte.)

I 1801 tente Johannes Evensson som skomakar på Valset. Der finn vi òg ei tenestejente Ragnhild Johannesdotter, og dette var nok den eine av kvinnene han fekk barn med:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6 &filnamn=f18011563&gardpostnr=88&personpostnr=1945&merk=1945#ovre

I skiftet etter Johannes kjem det elles fram opplysningar om dei halvsøskena og heilsøskena hans som det i bygdeboka ikkje står noko om kvar vart av. Her er dei viktigaste (fødselsåra er henta frå bygdeboka):

Eli var ugift og 44 år gammal.
Tore oppheldt seg på garden Settemsdalen i Halsa tinglag.
Erik f. 1758 var gift og budde i Trondheim.
Ingebrigt f. 1761 var gift og budde i Fredrikshald.
Nils f. 1769 var gift på garden Nord Tørset i Vigs tinglag.
Anders f. 1775 var gift og budde i Vigs tinglag, men uvisst på kva gard eller plass.

Alderen på halvsøstera Eli kan vel ikkje vere rett dersom ho var frå det første ekteskapet til Even Toresson. (Even vart gift på nytt i 1753).

Eg har prøvd å spore opp nokre av personane ovanfor i andre kjelder.

Om brukaren Tore Eivindsson på Settemsdal skriv Hyldbakk mellom anna dette i ”Folk og heimar i Åsskard” s. 219: ”Kvar han var komen ifrå veit vi ikkje, men han var f. 1739 (…) Tore Eivindsson døde 1813.”

Her er han i FT 1801:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1 8&filnamn=f18011564&gardpostnr=106&personpostnr=2114&merk=2114#ovre

Nils Evensson er omtala i ”Gardtales i Aure”, men der er det ikkje nemnt noko om kvar han kom frå. Her er han og kona i FT 1801:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=2 4&filnamn=f18011569&gardpostnr=78&personpostnr=1451&merk=1451#ovre

Truleg var det broren Anders og ektefellen hans som på same tidspunkt tente på Fevelen:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3 0&filnamn=f18011569&gardpostnr=83&personpostnr=1537&merk=1537#ovre

Når det gjeld opplysningane om dei øvrige barna til Even Toresson, er det stort sett samsvar mellom dei som er gjeve i skiftet og dei vi finn i bygdeboka. Men i skiftet har mor til Johannes, Marit, farsnamnet Ingebrigtsdotter, medan ho i bygdeboka er ei Eriksdotter. Ein kontroll i kyrkjeboka viser at ho er oppført med farsnamnet Eriksdotter ved vigselen med Even i 1753. Så da må vel anten dette vere feil, eller så var Even gift tre gonger. I skiftet går det elles fram at Marit på det tidspunktet heldt til hos sonen sin på Merkjesbakken på Lykkjeeidet. Det var sonen Ola som budde på denne plassen (under garden Ellevset), og her er han og mora i FT 1801:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=4 3&filnamn=f18011566&gardpostnr=34&personpostnr=1118&merk=1118#ovre

Knut.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er EET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group