Slektsforum Slektsforum
Slekt og Data
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 30 Jul 2013 08:56:14
Innlegg: 2
Bosted: Leirvik i Sogn

InnleggSkrevet: 30 Jul 2013 09:11:48    Tittel: Damsgårdsveien 32, Engedahls hus. Svar med Sitat

Har nokon informasjon om Damsgårdsveien 32? Eg er interessert i bilete, ting som ikkje står i dei opne folketeljingane, kyrkjebøkene, adressebøkene. Nokon i slekt med Alf Engedal Olsen (1911-1971), Alfred Olaf Engedal (1904-1971) Ruth Walde (1910-1995), Inger Bergit Isaksen (1906-1996), Arthur Leonard Rasmussen (1910-1975?), Astrid Irene Bilberg (1918-1983), Bergliot Johannesen (1911-1973)? Fleire av personane er gravlagde på Nygård, Møllendal og Solheim og gravsteinane kan søkjast opp på Gravminner i Norge.

Damsgårdsveien 32 var ein såkalla arbeiderbolig, moglegvis sett opp av Bergen Byggforening for Lars Olsen Engedal i 1880-90 åra. Lars Olsen Engedal var smed ved Bergen Mekaniske Verksted, (1853-1911), fødd på plassen Skarhaugjen under Engjadalen i Strandebarm, gift 1.gong med Inger Sophie Lassine Larsen frå Bergen (1857-1893) I Damsg.v.32 budde Lars med familie og leigde ut rom til andre arbeidarfamiliar. Lars får til saman 13 born i dei to ekteskapa, 11 av dei jenter.

Etter at Lars døyr i 1911, er enka frå 2. ekteskapet, Eline Tollefsdotter Engedahl, bestyrar av huset. Ho døyr i 1952, og Alfred Olaf, modellsnikkar f. 1904 (foreldre Lars og Eline Engedal) tek over som eigar av huset. I 1971 er det Alfred Olaf og nevøen Alf Olsen Engedal som bur i huset (kanskje også andre). Alf vart gift med Bergliot Johannesen i 1938, men ho ser ikkje ut til å ha budd i Dams.v. 32 (ho er gravlagd på Nygård, Laksevåg). Alfred Olaf og Alf døyr med berre ei vekes mellomrom i 1971. Sidan veit eg lite om kva som skjedde med huset. Det brann ein gong på 1980-talet (kan sjå at det manglar på ortofoto), og i 2011 ser eg at det vert send ut nabovarsel for bygging på tomta.

I perioden 1910-1971 budde fleira av borna til Lars med familiane sine i huset, pluss nokre andre arbeidarfamiliar. Dette kan sjåast i adressebøkene frå 1920, 1924-25, 1942 og 1958. Døtrene som vart buande i Damsg.v.32 gifte seg og fekk andre etternamn:

Inga Mathilde (1884-1916) & Bernt Olsen (1883-1958), fekk borna Inger Bergit (1906-1996, gift Isaksen), Olaf og Alf (Inga Mathilde heldt på farsnamnet Engedal, og sonen Alf brukte det også).

Dorthea (seinare gift Handeland) (1886-1950) & Knut Martin Pedersen (1882-?), fekk dottera Ruth (1910-1995, gift m. Bjarne Walde).

Mathilde (1891-1975) & Hjalmar Aleksander Rasmussen (1889-1940), fekk sonen Arthur Leonard Rasmussen (1910-1975?, gift m. Helga Thorsheim)

Josefine Therese (1894-1972) & Ingvald Cornelius Sætre (1886-1944)

Lilly/Lelli Emelia (1900-1976) & Halvard Bilberg (1894-1982), fekk dottera Astrid Irene Bilberg (1918-1883).

Dei andre borna flytte ut (Valborg Defrance, gift Holm, til Stavanger; Anna Oline, gift Henriksen til Nagelgt.6; Lars til Stavanger, Marie Amalie, gift Rasmussen til Gimlev. 60, Agnes, ugift), eller døydde unge.

Eldste sonen Peter Martin Olsen Engedal (1881-1920), gift med Gjertine Havrøen (1891-1963), fekk borna Petter Gjertin og Bertha i Damsg.v. 32. Petter Gjertin vart send til oppfostring i Sogn, og er bestefar min.
    Til Toppen
    Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
    Skjult navn



    Ble registrert: 04 Mar 2009 12:31:10
    Innlegg: 705
    Bosted: MJØNDALEN

    InnleggSkrevet: 30 Jul 2013 10:32:58    Tittel: Re: Damsgårdsveien 32, Engedahls hus. Svar med Sitat

    Hei

    I forbindelse med det du spør etter - finnes der en bok som omhandler distriktet inne mot Solheimsviken med bla Damsgårsveien 32. Hvorvidt der er bilder fra nevnte adresse i boken har jeg ikke sjekket.
    Boken heter Bydelen ved Damsgårdsundet utgitt på Bodoni forlag. Denne omhandler smått og stort fra nevnte distrikt.
    Mulig at flere av de som skrevet i boken kan hjelpe deg videre. Begynn der.

    Arvid D
    Til Toppen
    Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
    Skjult navn



    Ble registrert: 30 Jul 2013 08:56:14
    Innlegg: 2
    Bosted: Leirvik i Sogn

    InnleggSkrevet: 30 Jul 2013 18:10:00    Tittel: Re: Damsgårdsveien 32, Engedahls hus. Svar med Sitat

    Den bestiller eg på bokkilden straks. Takk for godt tips!

    beste helsing

    Ørjan E
    Til Toppen
    Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
    Skjult navn



    Ble registrert: 22 Sep 2013 12:13:26
    Innlegg: 81
    Bosted: BERGEN

    InnleggSkrevet: 05 Okt 2013 17:22:00    Tittel: Re: Damsgårdsveien 32, Engedahls hus. Svar med Sitat

    Her er street view fra gaten iallefall


    https://www.google.no/#q=damsg%C3%A5rdsveien+32&spell=1
    Til Toppen
    Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
    Vis Innlegg fra:   
    Start nytt emne Alle klokkeslett er CET (Europa)
    Side 1 av 1
     
    Gå til:  
    Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
    Du kan ikke svare på emner i dette forumet
    Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
    Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
    Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
    Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


    Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group