Slektsforum Slektsforum
Slekt og Data
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 17 Mar 2013 05:30:03
Innlegg: 13
Bosted: Rollag

InnleggSkrevet: 16 Mar 2014 21:08:27    Tittel: Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 1787 Svar med Sitat

Eg leitar etter opphavet til Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 1787, ei sagnomsust kvinne som hamna i Uvdal i Numedal kor ho gifta seg med Knud Olsen i 1826. Her gjekk ho under namnet "Normann Inga" (Vestlendingar kom frå "nord") og i følgje munnleg tradisjon hadde ho eit liv fylt av dramatikk og romantikk. Mellom anna seiest det i Gamalt frå Numedal at ho skulle ha høyrd til "baronætti i Rosendal", medan gardssoga for Uvdal viser til tradisjon om at ho skulle ha vore prestedotter. Båe tradisjonane er forteljingar om ei tragisk "klassereise" der ei frå storfolket vert husmannskone. (Om det ikkje er sant så er det godt ljugi) Smile

Eg ottast at tradisjonane ikkje er historisk sanne. I folketeljinga for 1801 finn ein Morten Rosendal (f.oml. 1746) som "Husmand med jord og giæstgiver" under "Skonevigs Præstegaard". Han og kona Wilmek Birgitte Rosendal er registrert med 4 jenter under 15 år og 4 gutar mellom 18 og 26 år, men eg finn ingen med namnet Inger. Ho var truleg kring konfirmasjonsalderen i 1801 og hadde kanskje forlete heimen for t.d. å vera tenestejente? Farsnamnet og etternamnet høver godt til Inger Anne, og jamvel tradisjonen om at ho var prestedotter kan moglegvis ha sitt opphav i at ho var husmannsdotter under prestegarden? Dersom faren var gjestgjevar kan ho gjerne ha møtt ein uvdøling på gjennomreise.

Hovudspørsmålet mitt er altså om de synes at det er truleg at denne Morten i Skånevik er far til Inger Anne? Og dersom ikkje, har de andre føreslag?
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 19 Des 2010 07:43:08
Innlegg: 75
Bosted: Rubbestadneset

InnleggSkrevet: 17 Mar 2014 19:36:14    Tittel: Re: Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 17 Svar med Sitat

Skåneviksoga nemner ikkje noka Inger som dotter av Morten Pettersson Rosendal (kom frå Førde i Sunnfjord).
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 19 Des 2010 07:43:08
Innlegg: 75
Bosted: Rubbestadneset

InnleggSkrevet: 17 Mar 2014 20:20:02    Tittel: Re: Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 17 Svar med Sitat

Bryllup i Rollag:

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051111030806.jpg

Familien Rosendal i Skånevik i 1801:

http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=3 &filnamn=f1801&gardpostnr=34987&personpostnr=509687&merk=509687#ovre
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 17 Mar 2013 05:30:03
Innlegg: 13
Bosted: Rollag

InnleggSkrevet: 18 Mar 2014 18:48:43    Tittel: Re: Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 17 Svar med Sitat

Takk for responsen! Eg skal passe meg for å verta for glad i min eigen teori, men kan det ikkje vera at Inger var fråverande når huslyden vart innskrive? Kanskje ho var tenestejente på ein gard? Men dette vert jo berre spekulasjonar. Det som stend fast er at ho påstår å koma frå Skånevik prestegjeld, og at det så langt eg kan sjå ikkje er nokon andre der med fyrinamnet Morten i 1801 og heller ikkje med etternamnet Rosendal. Men det er sjølvsagt fullt mogleg at det kan vera nokon annan.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er EET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group