Slektsforum Slektsforum
Slekt og Data
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 25 Mar 2009 10:03:36
Innlegg: 502
Bosted: ELNESVÅGEN

InnleggSkrevet: 12 Jun 2009 15:16:07    Tittel: Dorothea Catharina Nilsdotter Rytter Svar med Sitat

Dette er namnet Hans Hyldbakk oppgjev på eit av barna i søskenflokken etter Nils Henrikson Rytter, som var konkurs da han døydde i 1844 i Skrivarstua på Kvanne i dåverande Stangvik kommune. Han har ikkje meir om henne, og ho er heller ikkje nemnt i boka om Rytter-slekta.
Eg meiner at eg veit kvar ho vart av. Ho hamna i Øksendal før 1750 og vart der gift med Jon Jøstenson Engen omlag det året. Dei dreiv garden Bruset på Forset i Øksendal 1753-1780 (Seinare dreiv dei Børset III, som sonen Lars dreiv etter dei før han flytta til Hoset i Kvernes). I Sunndalsboka bind IV side 295 står det: "Hans hustru kjenner vi ikke navnet på." Der er likevel ingen grunn til at Seljedal ikkje skulle gjere det, for ho er nemnt i Ministerialboka for Sunndal frå 1752 både som mor til barn på Bruset (Dei hadde minst 8 barn) og som fadder for andre barn. Og ho er nemnt i folketeljinga i 1801 (Ektemannen Jon døydde i Einskogen på Husby i 1795): Då bur ho hos sonen Nils Jonson og familien hans på husmannsplassen (Hus)bakken under Mjølkill. Her er alderen oppgjeven til 70 år. Ho var altså fødd omlag 1731, og det høver svært godt med ungeflokken i Skrivarstua på Kvanne.
Men grunnen til at eg har begynt å identifisere ho som Dorothea Catharina frå denne ungeflokken, er hopehavet mellom familien til Jon Jøstenson og familien til Nils Nilsson Rytter, broren til Dorthea Cataharina, som overtok gjestgjevariet i Øksendal i 1789. I Øksendal har eg ikkje funne at ho blir omtala som Dorothea Catharina enda; ho blir omtala som Daaret eller Dordi. Men da sonedottera hennar, Dordi Nilsdotter, vart døypt i 1798, var både Nils Nilsen Rytter og Anne Nilsdotter Rytter fadrar, og saman med Knut Sæther har eg funne mange andre fadderhopehav mellom desse familiane. Og dette er ikkje dei einaste indisia. Då sonen til Anne Nilsdotter Rytter, Henrik Olson Grytnes Rytter (bestefaren til forfattaren Henrik Andersson Rytter), vart gamal, var han i legd fleire stader, men da han døydde i 1873, var han hos Ole Olson, f 1816, på Liaplassen i Lia i Jordalsgrenda. Ole Olson var sonen til søskenbarnet hans, Mildri Nilsdotter f 1794 (søstera til Dordi nemnt ovanfor) og altså oldebarnet til Dorothea Catharina.
Det finst enda fleire indisium, til saman så mange at det nesten er umuleg ikkje å dra den konklusjonen at Daaret Nielsdtr frå folketeljinga 1801 er Dorothea Catharina Nielsdotter Rytter frå Skrivarstua. Eg har ikkje funne noko bevis, men kan tenkje meg at ein eller annan prestefamilie eller offisersfamilie har hatt henne i si teneste når dei kom til Øksendalen, kanskje saman med broren Arnt, eller at dei vart sende hit til folk som tok seg av dei då faren døydde utan midlar i 1744.
Er det nokon som kan verifisere eller avsanne denne framstillinga?
Til slutt: Viss konklusjonen min er rett, var Dorothea Catharina tipptipptipptipp-oldemor mi.
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 18 Nov 2004 10:47:39
Innlegg: 3802
Bosted: KRISTIANSUND N

InnleggSkrevet: 13 Jun 2009 10:04:23    Tittel: Re: Dorothea Catharina Nilsdotter Rytter Svar med Sitat

Diskusjonen om dette emnet hører naturlig hjemme i Surnadal, og der er det også lagt inn et emne med akkurat samme innhold: Dorothea Catharina Nilsdotter Rytter f. ca. 1731.

Men siden trådstarter skriver i ei melding til moderator om at:
Nils Nilsen Rytter flytta frå Øksendal, først til Eresfjord, så til Stavik i Fræna, der dei fleste av barna hans vart gifte. Så her i Fræna er det ein god del etterslekt etter han. Det er og materiale om at Rytter-slekta i Stangvik hadde samband hit ut i eldre tid.

så beholdes dette emnet i Fræna, men det stenges og diskusjonen om Dorothea Catharina bes fortsette i samme emne i Surnadal. Smile

Tore Kristiansen
Moderator Møre og Romsdal
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er EET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group