Slektsforum Slektsforum
DIS-Norge
 
 HjelpHjelp    SøkSøk     Logg InnLogg Inn  Bli medlemBli DIS medlem  engelsk
Hvordan logge på? Les her om registrering og pålogging.
Start nytt emne    
Vis forrige emne :: Vis neste emne  
Av Innlegg
Skjult navn



Ble registrert: 25 Mar 2009 10:03:36
Innlegg: 302
Bosted: ELNESVÅGEN

InnleggSkrevet: 01 Jan 2011 19:56:40    Tittel: Kven var Sigrid Halvorsdotter? Svar med Sitat

I Bruflat kyrkje blir det i 1820 vigd eit ektepar Arne Thoreson og Sigrid Halvorsdotter. Under vigselen bur dei på Hestekind, men flyttar raskt til Langedal.
Lenkje:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9379&idx_id=9379&uid =ny&idx_side=-123
(nr 19 øvst)
Dei får (iallfall) etterkvart borna:
Tollev:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9379&idx_id=9379&uid =ny&idx_side=-39
Halvor:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9379&idx_id=9379&uid =ny&idx_side=-57
Jøran(dotter):
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9379&idx_id=9379&uid =ny&idx_side=-78

Så flyttar dei til Nørstelia på Nordre Land (iallfall etter kvart):
Dei får no (iallfall) barna Even, Brede og Bertha.
Even har eg ikkje lenkje til, men han er dokumentert.
Brede:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9359&idx_id=9359&uid =ny&idx_side=-12
Bertha:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9359&idx_id=9359&uid =ny&idx_side=-34
(Agnethe er det seinare ikkje spor av, så ho må ha døydd? Har ikkje leita i dødslistene.)

Familien flytta så til Hattfjelldal i Nordland:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2548&idx_id=2548&uid =ny&idx_side=-277
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2548&idx_id=2548&uid =ny&idx_side=-278

Desse lenkjene dekkjer berre tre av barna, men både Tollev og Halvor flytta og til Hattfjeldal. Jøran har eg ikkje prøv å leite etter, og eg lurer på om det ikkje fanst ein Erik og.

Dei hamna i Pantdalsli i Susendalen først. Så gifta barna seg og var spreidd. Iallfall to av dei, Brede og Bertha, emigrerte til Amerika med familiane sine.

Men kven var Sigri Halvorsdotter, mora? Det er fleire kandidatar, men foreldre er ikkje nemnde i vigselen, så eg står utan sikre bevis. Kan Arne ha vore gift med to Sigri Halvorsdøtre? (somme indisium peikar i den retning).

Og kvar vart det av faren til Arne, og kven var han? Arne Thoresen var vel han fødd utanfor ekteskap i denne lenkja?:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9363&idx_id=9363&uid =ny&idx_side=-129
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 14 Mar 2005 10:24:44
Innlegg: 682
Bosted: TRONDHEIM

InnleggSkrevet: 01 Jan 2011 20:21:04    Tittel: Re: Kven var Sigrid Halvorsdotter? Svar med Sitat

Legger inn lenke til den tidligere diskusjonen i saken: http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?p=413792
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Skjult navn



Ble registrert: 25 Mar 2009 10:03:36
Innlegg: 302
Bosted: ELNESVÅGEN

InnleggSkrevet: 02 Jan 2011 13:27:53    Tittel: Re: Kven var Sigrid Halvorsdotter? Svar med Sitat

Akkurat no trur eg mest på at Geir Tverå har rett. At den Sigrid Halvorsdotter Arne Thoreson var gift med, var Sigrid Halvorsdotter fødd 1794 på Higdem, men døypt i Bruflat krk. For det flytta ei Sigrid Halvorsdotter Nordre Hestekind frå Sør-Aurdal til Nord-Aurdal i 1826. I Hattfjelldal er dessutan Arne si Sigrid omtala som søster til Erik Halvorson Higdem, og Arne som svogeren hans. Viss det ikkje finst anna sikker dokumentasjon, meiner eg at eit grundig fadderstudium kan gje enda fleire indisium. Men det beste ville vere om ein fann eit skifte etter foreldra til dei to Halvorsdøtrene, eller barnlause søsken eller gammelonklar og gammeltanter. Sjå ellers temaet Blaaflad prestegjeld under Hattfjelldal i Nordland (der er det lenkjer til mykje).
Til Toppen
Vis Medlemmets Profil Send Privat Melding
Vis Innlegg fra:   
Start nytt emne Alle klokkeslett er EET (Europa)
Side 1 av 1
 
Gå til:  
Du kan ikke starte nye emner i dette forumet
Du kan ikke svare på emner i dette forumet
Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp filer til dette forumet
Du kan ikke laste ned filer fra dette forumet


Powered by phpBB 2.0.14 © 2001, 2002 phpBB Group